Opna hovudmenyen

Hans Jensen Haga (6. desember 184512. oktober 1924) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nannestad i Akershus. På Stortinget representerte han partiet Høgre.

Hans Haga den eldre
Fødd6. desember 1845
Død12. oktober 1924
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Haga gjekk ein vinter på Sagatun Folkehøyskole. Han overtok farsgarden i 1869 og dreiv denne i lang tid. Frå 1908 var han statsrevisor.

Haga var frå 1874 til -98 og frå 1904 til -10 medlem av heradsstyret i Nannestad, ordførar 1882-90 og 1904-10. Elles hadde han mange kommunale verv, og var forlikskommissær 1883-89. Perioden 1884-1912 var han med i amtsskulestyret i Akershus.

Haga representerte Akershus amtStortinget i tida 1889-1903. I alle åra på tinget var han med i protollkomiteen, sekretær 1892-94. År 1899 var han medlem av komiteen om manntalslova. Tidlegare, i 1896, var han medlem av ein departementskomite vedkomande fattiglova.

Han døydde på Haga i Nannestad i 1924.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914