Hans Synnestvedt
norsk politikar
(Omdirigert frå Hans Jørgen Reutz Synnestvedt)
Hans Jørgen Reutz Synnestvedt (20. april 1777–12. juni 1841) var ein offiser, vegmeister og stortingsmann.
Hans Synnestvedt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. april 1777 Norddal kommune |
Død |
12. juni 1841 (64 år) |
Yrke | politikar, offiser |
Språk | norsk |
Synnestvedt var fødd i Norddal, der faren som var offiser dreiv gard. Han var ei tid pasje ved hoffet i København. Sidan steig han i gradene til kaptein og vart utnemnd til vegmeister for både Romsdals amt og Søndre Trondhjems amt. Han kjøpte garden Årø i Bolsøy i 1809, og budde der sidan. År 1827 vart Synnestvedt land- og sjøkrigskommissær for Trondheim.
Synnestvedt var 1. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1815-16. Han var medlem av ti komitear, mellom anna av komiteen for geografisk oppmåling og komiteen som forhandla om matrikkellova.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Synnestvedt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv