Johan Christian Johnsen
Johan Christian Johnsen (23. juli 1815–2. februar 1898) var ein norsk journalist, redaktør, stortingsrepresentant for partiet Venstre, og leksikograf.
Johan Christian Johnsen | |||
Fødd | 23. juni 1815 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. februar 1898 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | journalist, redaktør, politikar, skribent, leksikograf | ||
Alle verv |
|
Johnsen var frå Kristiansand, der far hans var inspektør i fattigvesenet. Sjølv var han i unge år fyrst tilsett i farbroren Hans Johnsen si handelsforretning, så i stefaren T. O Fuglli si tilsvarande forretning. Han reiste deretter til sjøs, men etter nokre turar gav han opp sjømannslivet. Vidare arbeidde han på eit trelastkontor, før han i 1834 var tilsett på eit handelskontor i Antwerpen. Heimkomen til Noreg var han fullmektig i O. P. Moe & søn, år 1837 tok han sjølv til med kjøpmannskap i Stavanger.
Johnsen var redaktør av Stavanger Amtstidende 1843-46, og redigerte månadsskriftet For ungdommen som kom ut i Stavanger i 1846-47. Han grunnla i 1848 vekebladet Almuevennen og dreiv trykkeri i Kristiania, som trykte denne avisa og ulike skrifter og bøker. Frå 1855 kom bilaget Adressebladet, med meir politisk stoff enn Almuevennen. Han selde Almuevennen til bladet Fædrelandet i 1893, eit blad som under namnet Landsbladet gjekk inn i 1911. Attåt desse bladtiltaka prøvde han å få ut ei ny dagsavis, både i 1866 og 1870.
Johnsen representerte Stavanger by på Stortinget 1848, 1851 og 1854. Han var i 1848 sekretær i næringskomite nr 2, på dei to andre stortinga var han medlem av tollkomiteen. Frå 1845 til 1851 var han medlem av Stavanger bystyre. Han var fyrste formann i 'Det norske avholdsselskap'.
Johnsen flytta til Christiania etter han vart vald til statsrevisor i 1854. Denne stillinga hadde han til 1878, han sa då frå seg.
Johnsen sitt trebandsverk Norsk Haandlexikon for almennyttige Kundskaber kom ut i perioden 1879 til 1888. Verket var det første leksikon på norsk som kom ut i Noreg.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914