Hans Knieper
Hans Knieper (død 2. november 1587), òg kjend som Hans Kniepper, Hans Knipper, Johan van Antwerpen og Hans Maler,[3] var ein nederlandsk kunstmålar som er kjent for arbeidet sitt i Danmark under kong Fredrik II.[4]
Hans Knieper | |
Statsborgarskap | Habsburg Netherlands |
Død |
2. november 1587 |
Yrke | kunstmålar, tapestry designer |
Sjanger | portrett |
Hans Knieper på Commons |
Blant hovudverka hans er gobelenga på Kronborg slott, Fredrik II sin bordhimmel og portrettet av Fredrik i heilfigur.[4][5]
Liv og virke
endreKnieper kom til Danmark i 1577 samstundes med tapetvevaren Anthonius da Corte for å måle kartongane som skulle vere grunnlag for gobelenga som skulle vevast for Fredrik II. Dei kom til Kronborg med 10 sveinar i desember månad.[4] Kort tid etter døydde de Corte, som hadde fått kontrakt på utføringa av tapeta og Knieper fekk difor løna hans mot sjølv å leia tapetveveriet. Knieper vart tilsett som kongeleg målar på Kronborg i 1578.[4]
Av rekneskapa på Kronborg og etterlatne brev frå Fredrik II kjenner ein til at Knieper utførte ei rekkje verk til utsmykkinga av Kronborg slott.[4] Han laga 20 tapet med motiv frå Det gamle testamentet, desse vart betalt i 1579, men har seinare gått tapt. Same år smykka han ut Kongens Kammer, ein kjenner ikkje motiva. I åra 1582-1584 utførte han dei såkalla gobelenga; 40 kongetapet og 3 tapet med jaktmotiv til Store Sal. Av dei opphavlege 43 gobelenga er 15 bevart, 7 er på Kronborg slott og resten på Nationalmuseet. Dei øvrige gjekk med under brannen på Frederiksborg slott i 1859.[5]
Fredrik II sin bordhimmel, òg kalla Fredrik II sin tronhimmel, vart utført i 1585-1586. Bordhimmelen vart bestilt av kongen i 1585 og han bad om «et rygstykke med en himmel over vort bord på den store sal».[6] Bordhimmelen er i purpurraud silke og har trådar av sølv og gull vovne inn. Han vart hengt opp i dansesalen over plassane til kongeparet ved bordet.[6] Himmelen er smykka ut med ei rad symbol som fortel om ideala ein fyrste i renessansen skulle leva opp til.
Bordhimmelen vart svensk krigsbytte under dei såkalla Karl Gustav-krigane i 1657-1660 og er oppbevart på Nasjonalmuséet i Stockholm.[6]
Av andre verk Knieper utførte til Kronborg kan nemnast diverse måleri som gjekk tapt under ein brann på slottet i 1629. Han utførte òg eit portrett av Kristian IV, då han var rundt 7 år gamal. Måleriet er no ein del av samlinga på Rosenborg slott.[7] Motivet er nytta på eit av gobelenga som framleis er på Kronborg, her er han framstilt med Frederiksborg slott i bakgrunnen ved sida av faren med Kronborg slott bak seg.[5]
Portrettet av Fredrik II i heilfigur frå 1581 er det første klassiske fyrsteportrettet i dansk kunst som ein kjenner til.[4] Kongen er i rustning og held kommandostaven i den eine handa og sverdskjeftet i den andre. Heile skikkelsen sende ut signal om makt og alle dei nasjonale elementa som oldenborg-fargane, riksvåpenet på veggen og namnet til kongen på tavla strekar under bodskapen om at dette er forsvararen av riket.[8]
Måleriet er utført i olje på lerret og måler 220 x 110 cm.[1] På tavla til venstre for kongen står det: FREDERICUS, SEKVINDS, REX DANORVM ET NORWEGIA(E) ETZ. ÆTATIS SVÆ, 47 ANNO 1581 (Fredrik 2., danskenes og Norges konge etc. i en alder av 47 år 1581)[1]
Av andre verk ein kjenner til er mellom anna ei signert teikning med motiv Helsingør sett frå Sundet frå ca. 1581 som tilhøyrer Nationalmuseet i København. Ei altartavle av Knieper vart sett opp i Kronborg slottskyrkje i 1582, men den er seinare forsvunne.[4]
Eit måleri med tittelen Frederiksborg slott med Frederik II til hest i forgrunnen er frå 1580-åra og har tidlegare vore tilskrive Jan van Wijk. Måleriet vart teke som krigsbytte under Karl-Gustav-krigane og tilhøyrer Gripsholm slott i Sverige.[4]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Dorte Fogh: Billedkunst, side 69
- ↑ Hans Knieper frå Store norske leksikon
- ↑ Hans Knieper[daud lenkje] frå databasa til RKD
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Hans Knieper på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Kronborgtapet - En kongegobelin med Frederik 2 og sønnen Christian (d. 4) Arkivert 2012-11-08 ved Wayback Machine. frå Nationalmuseet
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Frederiks 2.s bordhimmel Arkivert 2012-06-09 ved Wayback Machine. frå Styrelsen for Slotte-og Kulturejendomme
- ↑ Christian 4., ca. 1585 frå De Danske Kongers Kronologiske Samling
- ↑ Gitte Andersen: Kongeportrættet i dansk kunst 1500-1800 Arkivert 2008-06-22 ved Wayback Machine. frå Danmarks undervisningsportal