Hans Oluf Lind (fødd 1. september 1866 på Andenes, død 3. mars 1935 i Johannesburg i Sør-Afrika) var ein norsk diktar, kjent for diktsamlinga Nordlandsvisor, som kom ut i 1910.

Hans Lind
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. september 1866
Død

3. mars 1935 (68 år)

Yrke lyrikar
Minnestein over Hans Lind i Andenes sentrum

Kjære kjerring!
         Kor du levve, –
staar de te saa bra med deg?
saktes sku eg før ha skrevve,
men du veit kor d'e med meg –:
eg mankere skrivar-hanna, –
mi e bra nokk te sett bruk,
men ho e'kje viars mjuk
lenger te aa føre penna,
vi ha aller vorre venna,
veit du, - dæffør ser her ut –
nett saa ætte akkar-sprut,
de vell solke saa førbanna.

Hans Lind
«Lofot-brev» i Nordlandsvisor

Lind voks opp på Andenes. Då han var ni år gamle døydde mora, og to år seinare døydde òg faren. Dermed vart Hans og dei seks syskena sett bort, og Hans kom til handelsmann Johan Ellingsen i Hovden i . Etter at han var konfirmert, tok han middelskolenLillehammer, og arbeidde så som handelsbetjent på Breistrand i Øksnes og i Henningsvær.

Etter nokre års opphald i USA frå rundt 1890, der han jobba på ein fabrikk for landbruksmaskiner i Chicago, drog han i 1898 til Sør-Afrika. Han gifta seg i Durban i 1901 med Johanna Bordewich, dotter av kjøpmann Bordewich i Henningsvær. Fram til 1918 budde han vekselvis i Oslo og i Sør-Afrika, der han jobba i eit gullgruveselskap i Johannesburg. Etter dette budde han igjen i Oslo, og var kontorsjef i firmaet Wittusen & Jensen. I 1932 flytta han og kona tilbake til Sør-Afrika, etter at døtrene deira allereie hadde flytta dit. Hans Lind døydde av tuberkulose i Johannesburg 3. mars 1935.

Hans Linds diktsamling Nordlandsvisor vart skriven på dialekt, vekselvis frå ulike delar av Nordland. Han skildrar folkeliv og arbeidsliv, særleg under vinterfisket etter skrei. Den første utgåva kom ut i 1910, og diktsamlinga er vorten gjenutgitt i 1936, 1958, og 1977. I den siste utgåva er fleire av dikta tonesett, blant anna av komponisten Ketil Vea. Denne utgåva er illustrert av Karl Erik Harr. I 1999 gav Dag Kajander ut CD-ein «Feskarliv anno 1900» med 15 av Hans Linds viser med Kajanders musikk.

Nordlandsvisor var den einaste boka Hans Lind fekk utgjeve, men han hadde òg einskilde dikt og forteljingar på trykk i blad og tidsskrift. Han etterlét seg manuskript til fleire romanar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre