Hans Marenius Kristian Mikelborg (8. april 18517. november 1933) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Han representerte Venstre.

Hans M. Mikelborg
Fødd8. april 1851
Død7. november 1933 (82 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Mikelborg var son til ein gardbrukar. Han tok i si tid over farsgarden Tovik og dreiv denne vidare. I 27 år var han medlem av heradsstyret i Trondenes, varaordførar i ni år og ordførarar i eitt år.

Han var 1. representant frå Tromsø amtStortinget i perioden 1895-97, sekretær i landbrukskomiteen. Bolken 1906-09 var han varamann for einmannskrinsen Trondenes. Elles var Mikelborg medlem av sivilprosesslovkommisjonen.

KjelderEndra