Hans Nordeng
Hans Nordeng (1918–1991) ver ein norsk kunstmålar, fødd i Mo i Rana, men det meste av livet busett i Sandnessjøen. Han var son av Petter Anker Johnsen og Gurine Jacobsen. Etternamnet Nordeng tok han i 1940, etter gardsbruket Nordenget der han voks opp, like under Sju søstre. Far hans arbeidde som møbelsnikkar og treskjerar.
Hans Nordeng | |
Fødd | 8. mars 1918 |
Død |
1991 (73 år) |
Yrke | kunstmålar |
Hans Nordeng hadde sin første separatutstilling i Arendal i 1949. Same året starta han eit eitt års studium ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Hausten 1952 deltok han for første gong på Haustutstillinga.
Nordeng er mest kjend som målar, men han prøvde seg også med grafikk og materialkunst. Som kunstnar kan han karakteriserast som ekspesjonist.
Kjelder
endre- Berit Slåttum:«Kunstner og tusenkunstner Hans Nordeng 1918-1991» i Årbok for Helgeland 2004