Hans Torgersen
norsk politikar
Hans Torgersen (30. oktober 1926–10. februar 2015) var ein norsk glasmeister og politikar frå Øvre Eiker i Buskerud som 1977-81 representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget.
Hans Torgersen | |||
Fødd | 30. oktober 1926 Øvre Eiker | ||
---|---|---|---|
Død | 10. februar 2015 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Alle verv |
|
Torgersen var son til ein snikkar. Sjølv arbeidde han i Arnesens glassmagasin i Drammen frå 1941 til 1950. Han tok då meisterbrev og dreiv sidan eiga glasmeisterforretning i Drammen i 39 år fram til 1989.
Frå 1960 til 1971 var bystyremedlem i Drammen og var seinare fylkestingsmedlem i Buskerud i to periodar. 1974-78 var han fylkesformann i Buskerud KrF og samstundes landsstyremedlem i partiet. Valperioden 1977-81 var han stortingsrepresentant frå Buskerud med plass i Kommunal- og miljøvernkomiteen.