Hans Wagner, (11. mars 18961967), fødd i Saarbrücken, var ein tysk generalløytnant og sjef for dei tyske landstridskreftene på Vestlandet 1943-1944.

Hans Wagner
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 11. mars 1896
Saarbrücken
Død

13. mai 1967 (71 år)
Ulm

Yrke politibetjent
Språk tysk

Han var oberst i 5. artilleriregiment i 5. jegerdivisjon og stasjonert i Russland då han 25. november 1943 vart utnemnd til generalmajor og forflytta til Bergen som sjef for 269. infanteridivisjon og kommandant på Vestlandet.

Divisjonen stod i Noreg til oktober 1944, då den vart sett inn i kampane i Frankrike. I januar 1945 vart den overført til forsvaret av Tyskland. Hans Wagner vart 1. desember 1944 utnemnd til generalløytnant i Wehrmacht, og stod som sjef for 269. divisjon fram til 8. mai 1945.