Har HaAri er eit fjell i Øvre Galilea i det nordlege Israel. Det er 1047 meter over havet og er eit av dei høgaste fjella i Israel. Det ligg kring 1 km sør for Beit Jann. Fjellet er kalla opp etter opphavsmannen til kaballa, Isaac Luria eller Arien. Det ligg nær Bhaa Aldin, som er ein heilag stad for drusarar.

Har HaAri
הר האר"י
fjell
Land  Israel
Distrikt Nord
Del av Øvre Galilea
Høgd 1 047 moh.
Koordinatar 32°57′19″N 35°22′00″E
Kart
Har HaAri
32°57′19″ N 35°22′0″ E
Wikimedia Commons: Har HaAri

Fjellet er ein populær stad for paragliding. På ein klår dag kan ein sjå Gilboafjella og Middelhavet frå toppen.

Klima endre

Har HaAri har eit middelhavsklima med varme somrar, og kalde, fuktige og stundom snørike vintrar. Høgda gjer at det kan bles kraftig året rundt. Fjellet får ein god del nedbør, opp mot 1000 mm i året.[1] Det meste av nedbøren kjem mellom oktober og mai.

Panorama frå Har HaAri mot sør. Den store byen i midten er Rameh og åsen bakom er Har Kamon.

Kjelder endre

  1. Braver, Moshe (2009). Encyclopedic atlas. Yavne.