For landsbyen i Iran, sjå Rameh i Iran.

Rameh (arabisk الرامة, hebraisk רָמָה; òg ar-Rame eller ar-Rama) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel. Han ligg aust for Bi'ina og Karmiel.

Rameh
רָמָה, ראמה, الرامه, Rame, al-Rama
lokal kommune
Namneopphav: Høgtliggande[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°56′21.3″N 35°22′1.61″E / 32.939250°N 35.3671139°E / 32.939250; 35.3671139
Areal 6,12 km²
Folketal 7 500  (2005)
Folketettleik 1 225 / km²
Kart
Rameh
32°56′21″N 35°22′02″E / 32.93925°N 35.367113888889°E / 32.93925; 35.367113888889
Wikimedia Commons: Rameh

Historie endre

Edward Robinson identifiserte Rameh som den gamle Ramah i Asher (Josva 19:29) og synte til plasseringa og dei gamle sarkofagane som vart oppdaga på ein ås utafor landsbyen.[2] Rameh var ein stor by under styret til krossfararar.

Landsbyen ligg på ein gammal stad, på ein ås over ei slette. I aust ligg ruinar av romerske bad, datert til 100- til 300-talet, og oljepresser frå same periode. Sør og søraust for landsbyen ligg gamle fundament, mellom anna med ein arameisk inskripsjon på ein dekkstein, som indikerer at det var ei synagoge frå 200- eller 300-talet. Nordaust for det romerske badet ligg ruinane av ein stor basilika. Denne vart graven ut i 1972 og der funne fundament for særs store søyler, i tillegg til polykrom mosaikk som syner dyre- og planteliv.[3]

Osmansk tid endre

I 1517 vart Rameh, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 var han ein del av Akka nahiya, (Safad [liwa]]), med eit folketal på 96 hushaldningar, alle muslimar. Han betalte skattar av «spesiell avling» kalla «dulab harir», geiter, bikubar og ei presse for anten oliven eller druer.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870-åra, og noterte seg 800 innbyggjarar, halvparten kristne og halvparten drusarar.[5] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein landsby, bygd av stein, av godt materiale, med eit gresk kapell og kring 600 kristne og 500 drusarar; han ligg på ei slette, med store olivenlundar, hagar og vindruer, fem kjelder renn nær landsbyen og han har fleire cisterner.»[6]

Det britiske mandatet-tida endre

Han var ein av dei største landsbyane i Galilea under Det osmanske riket. I 1923 vart Rameh den første landsbyen i Palestina som fekk sjølvstyrestatus av Det britiske mandatet og hadde dei største olivenlundane i området. Han fekk løyve til å styre seg sjølv som ein landsbykommune.[7]

I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Rameh i alt 847 innbyggjarar, 28 muslimar, 624 kristne og 195 drusarar.[8] Dette hadde auka i 1931 til 254 hus med i alt 1142 innbyggjarar. Av desse var 70 muslimar, 746 kristne og 326 drusarar.[9]

I 1945 hadde Er Rama eit folketal på 1 690, alle arabarar, med 24 516 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 8 310 dekar var plantasjar og irrigert land, 3 078 nytta for korn,[11] medan 56 dekar vart utbygd land.[12]

Etter 1948 endre

Landsbyen vart erobra av Haganah-styrkar i 1948 og vart ein del av Israel. Han fekk lokal kommunestatus i 1954.

Demografi endre

I dag er 51 % av innbyggjarane i Rameh kristne, 29 % er drusarar og 20 % er muslimar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 92
  2. Robinson, 1856, s. 64-65.
  3. Dauphin, 1998, s. 705
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 190
  5. Guérin, 1880, s. 453
  6. Conder og Kitchener, 1881, s. 204
  7. Survey of Palestina[daud lenkje] Palestinamandatet. Vol. 1, s.132.
  8. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
  9. Mills, 1932, s. 102.
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41[daud lenkje]
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 81[daud lenkje]
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 131[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre