Harald Haare

norsk politikar

Harald Haare (3. april 188326. januar 1929) var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Drammen.

Harald Haare
Fødd3. april 1883
Drammen
Død26. januar 1929 (45 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar, konduktør
Alle verv

Far til Haare var tilsett i Statsbanene. Harald Haare sjølv fekk seg arbeid i Norges Statsbaner i 1902, i stilling som overkonduktør frå 1920. Frå 1924 var han elles nestformann i Norsk Jernbaneforbund.

Haare var medlem av Drammen bystyre frå 1917 og hadde plass i formannskapet frå 1920. I 1927 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet og valkrinsen Drammen, Kongsberg og HønefossStortinget 1928-30. På Tinget var han medlem i Jarnbanekomitéen, men døydde allereie tidleg i den andre sesjonen.

Eidsvollmannen Kristoffer Borgersson Hoen var hans tippoldefar.

Kjelder

endre