Harald Saue

Harald Saue (20. februar 187628. desember 1958) var ein norsk gardbrukar frå Lier som representerte Buskerud fylke og BondepartietStortinget i tida 1925-33.

Harald Saue
Fødd 20. februar 1876
Død

28. desember 1958 (82 år)

Yrke bonde, politikar

Saue var son til ein gardbrukar. Etter å ha teke eksamen ved Feltartilleriets underoffisserskule i 1898, arbeidde han ei tid på vegkontoret til Aker herad. I tida 1900-03 var han tilsett hos entrepenørfirmaet R. Huseby. Han starta opp Nittedals Torvstrøfabrik, som han dreiv til 1905, då han tok over farsgarden Saue i Lier og dreiv denne.

Saue var medlem av heradsstyret i Lier 1910-13 og 1919-28, dei siste seks åra som ordførar. Han hadde elles ei mengd styreverv, mellom anna var han krinsformann i Buskerud for Norges Bondelag i elleve år, formann 1928-32 i Buskerud landbruksselskap, styreformann for Bøndernes Hus og frå 1935 for Felleskjøpet, begge i Oslo. Av offentlege verv kan nemnast han var medlem i styret for Lierbanen, i Den departementale komiteen om Marinens hovudverft av 1927, Forsvarsdepartementets rasjonaliseringsutval av 1932, Skatteutjamningsutvalet av 1934, og 1929-45 av Riksskattestyret.

Saue var stortingsmann for Buskerud og Bondepartiet i tre valperiodar frå 1925 til 1933. Alle tingsesjonane var han med i Militærkomiteen, formann 1927 og nestformann 1928-33.

Under andre verdskrigen melde Saue seg inn i Nasjonal Samling. For aktiviteten i krigsåra vart han i februar 1946 dømd til seks års tvangsarbeid og tap av sivile rettar. Han vart sett fri i 1948.

KjelderEndra