Hardangervegen 1 og 3
Hardangervegen 1 og 3 eller Hardangervegen 1 og Hardangervegen 3, fram til om lag 1910 kjend som Nesttuns Hotel, er to verneverdige hus i Hardangervegen 1 og 3 på Fylkesveg 185 på Nesttun i Fana i Bergen.[1][2] Fram til ein brann rundt 1910 vart husa drivne som hotell i fleire tiår.[1][2][3][4] Husa vart bygde opp att i 1913 og vart då brukt som bustad for dei tilsette på Nesttun Uldvarefabrikk.[2][4] I 2011 vart husa kjøpt opp av Heko Eiendomsutvikling etter tiår med ulike eigarar.[4][5] Husa fall meir og meir frå kvarandre, men på grunn av sin status som verneverdige hadde ikkje Heko Eiendomsutvikling høve til å rive dei.[3][5] I 2013 måtte ein likevel rive Hardangervegen 1, og vart lovpålagd å bygje huset opp at slik var tidlegare.[2][3][4][5] Husa stod ferdig restaurert i 2016.[6]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Nesttuns Hotel». Revyen illustreret ugeblad. 24. juli 1897. Henta 16. januar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Nesttuns skamplett er borte». Bergens Tidende. 13. januar 2013. Henta 16. januar 2015.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Er dette verneverdig?». Bergens Tidende. 22. desember 2012. Henta 16. januar 2015.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Stor interesse for Nesttun-rønnen». Bergens Tidende. 23. august 2013. Henta 16. januar 2015.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «Treg start for historiske hus». Bergens Tidende. 27. desember 2013. Henta 16. januar 2015.
- ↑ «Fortauet åpnet etter tre års ventetid». Fanaposten. 2. januar 2017. Henta 13. februar 2017.