Hariotbreen
Hariotbreen er ein isbre som flyt nordvest langs sørsida av Morgan Upland før han snur vestover og inn i Wordieisen, langs vestkysten av Den antarktiske halvøya. Han vart grovt kartlagt av British Graham Land Expedition i 1936–37, og den øvre delen vart fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947. Isbreen vart kartlagt frå bakken av medlemmar frå Falkland Islands Dependencies Survey som kryssa breen i desember 1958, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Thomas Hariot, ein engelsk matematikar som lagde nye navigasjonsmetodar under sir Walter Raleigh.[1]
Hariotbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 69°0′S 66°20′W / 69.000°S 66.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hariotbreen 69°00′00″S 66°20′00″W / 69°S 66.3333°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hariot Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 30. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hariotbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).