Harper Lee

amerikansk skribent

Nelle Harper Lee (28. april 192619. februar 2016[1]) var ein amerikansk romanforfattar som er kjent for den pulitzerprisvinnande romanen sin frå 1960, Drep ikke en sangfugl (To Kill a Mockingbird), som fortalde om rasismen ho var vitne til som barn i heimbyen Monroeville i Alabama. Sjølv om Lee berre utgav denne eine boka i løpet av eit halvt hundreår, vart ho lønt med Fridomsmedaljen til presidenten for sitt bidrag til litteraturen.[2] Romanen har vore pensum for generasjonar av skuleelevar og selt i meir enn 30 millionar eksemplar.[3] Lee har motteke ei rekkje ærestilvisingar, og har avstått å tala ved kvart høve. Ho var assistent for den nære venen sin Truman Capote i undersøkingane til boka Med kaldt blod (1966).[4]

Harper Lee

Pseudonym Harper Lee
Statsborgarskap USA
Fødd 28. april 1926
Monroeville
Død

19. februar 2016 (89 år)
Monroeville

Yrke skribent, romanforfattar, musikar, manusforfattar, diktarjurist, prosaforfatter, skodespelar
Språk kinesisk
Sjanger Sørstatsgotikk, roman
Medlem av American Academy of Arts and Letters, Chi Omega
Far Amasa Coleman Lee
Mor Frances Cunningham Finch
Signatur
Harper Lee på Commons

I februar 2015, då ho var 88 år gammal, bortimot blind og døv etter eit slag i 2007, og etter eit langt liv der ho hadde halde fast på at ho aldri ville gi ut endå ein roman, gav ho ei melding gjennom advokaten sin om at «Eg lever og sparkar og er lykkeleg som berre det med reaksjonane med Vaktposten». Meldinga innebar at Lee ville gje ut sin andre roman, Sett ut en vaktpost, som var blitt skriven før den første romanen som då var komen ut for 55 år sidan.[5][6] Romanen vart gjeven ut i USA og i omsetjing i minst 25 andre land, inkludert Noreg, den 14. juli 2015.[3]

Kjelder endre

  1. «Harper Lee dead at age of 89: 'To Kill a Mockingbird Author' passes away». al.com. 19. februar 2016. Henta 19. februar 2016. 
  2. "President Bush Honors Medal of Freedom Recipients" (pressemelding). Det kvite huset. 5. november 2007.
  3. 3,0 3,1 Moxnes, Agnes (25. juni 2015): «Jakten på en vellagret roman», NRK ytring
  4. Harris, Paul (4. mai 2013): «Harper Lee sues agent over copyright to To Kill A Mockingbird». The Guardian.
  5. Trachtenberg, Jeffrey A. (5. februar 2015): «Harper Lee Is ‘Happy as Hell’ With Reactions to ‘Go Set a Watchman’», The Wall Street Journal, Speakeasy
  6. Tucker, Neely (16. februar 2015): «To shill a mockingbird: How a manuscript’s discovery became Harper Lee's 'new' novel». The Washington Post.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Harper Lee