Harrier Heiberg Mejer

(Omdirigert frå Harriet Heiberg Mejer)

Harrier Heiberg Mejer (fødd 7. juli 1782Vossevangen, daud 20. april 1845 i Tromsø) var ein norsk tollar og stortingspolitikar.[1]

Harrier Heiberg Mejer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juli 1781
Vossavangen
Død

20. april 1845 (63 år)
Tromsø kommune

Yrke tollar, politikar

Han var stortingsrepresentant for Finmarkens Amt i to periodar; 1818–1820 og 1827–1829.[2][1] I første periode var han 1. representant, i andre 2. representant.

Mejer var først tilsett på rådstuskrivarkontoret i Bergen, seinare ved Finmarkens amtskontor. Han vart tollar i Hammerfest i 1811 og i Tromsø i 1823.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Lindstøl, Tallak (1914). Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Steen'ske bogtrykkeri. s. 590. 
  2. Biografisk informasjon om Harrier Heiberg Mejer NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv