Harry Potter og dødstalismanene - del 2
Harry Potter og dødstalismanene - del 2 er ein britisk fantasy-film frå 2011, regissert av David Yates and distribuert av Warner Bros. Pictures. Det er den andre delen av filmatiseringa av romanen med same namn av J.K. Rowling. Det er den siste Harry Potter-filmen av dei åtte i serien. Han er skriven av Steve Kloves og produsert av David Heyman, David Barron og Rowling.
Regi | David Yates | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | David Heyman, David Barron, J.K. Rowling | ||
Manus | Steve Kloves | ||
Basert på | Harry Potter og dødstalismanene | ||
Medverkande | Daniel Radcliffe, Rupert Grint, Emma Watson, Ralph Fiennes, Michael Gambon, Alan Rickman, Maggie Smith, Helena Bonham Carter, Tom Felton, Jason Isaacs, Helen McCrory, Matthew Lewis, Bonnie Wright, Evanna Lynch, Mark Williams, Julie Walters, George Harris, David Thewlis, Natalia Tena, Ciarán Hinds, John Hurt, Warwick Davis, Jim Broadbent, Emma Thompson, Miriam Margolyes, Robbie Coltrane, Domhnall Gleeson, Clémence Poésy, David Bradley, Devon Murray, Katie Leung, Joshua Herdman, Geraldine Somerville, Adrian Rawlins, Gary Oldman, Kelly Macdonald, Dave Legeno, Bertie Gilbert, Arthur Bowen, Will Dunn, Helena Barlow, Benedict Clark, Ellie Darcey-Alden, Rohan Gotobed, Guy Henry, Tamara Taylor, James Phelps, Oliver Phelps, Benn Northover, Jessie Cave, Nick Moran, Sean Biggerstaff, Gemma Jones, Anna Shaffer, Chris Rankin, Alfred Enoch, Afshan Azad, Georgina Leonidas, Freddie Stroma, Robbie Jarvis, Emil Hostina, William Melling, Jamie Campbell Bower, Ralph Ineson | ||
Klipp | Mark Day | ||
Musikk | Alexandre Desplat | ||
Sjeffotograf | Eduardo Serra | ||
Produksjonsselskap | Heyday Films, Warner Bros. | ||
Distributør | InterCom, Netflix | ||
Utgjevingsdato | 15. juli 2011 (USA), 13. juli 2011 (Tyskland)[1] | ||
Lengd | 130 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 1 341 511 219 US-dollar (verdsfemnande), 381 447 587 US-dollar (USA)[2] | ||
Sjanger | fantasyfilm, romanfilmatisering, eventyrfilm |
Handling
endreFyrst Voldemort bryt seg inn i Albus Humlesnurr si grav for å stele den kraftige Oldstaven. Harry mistenker at ein malacrux kan vere i kvelvet til Bellatrix DeMons i Flirgott, så etter å ha bisett Noldus spør Harry om hjelp frå gnomen Klotak til å bryte seg inn i kvelvet med Ronny og Hermine. Harry finn Håsblåsbegeret, som viser seg å vere ein malacrux. Dei tre rømmer på draken som vaktar kvelvet. Gjennom ein visjon frå Voldemort innser Harry at det også er ein malacrux på Galtvort, som er knytt til Rasla Ravnklo. Nilus Langballe fører trioen gjennom ein hemmelig gang inn til Galtvort.
Slur høyrer om at Harry har kome til Galtvort og trugar med å straffe både lærarane og elevane dersom ingen seier kva dei veit om saka. Harry viser seg for Slur, men Slur flyg vekk når Minerva McSnurp utfordrar han til duell. Harry finn Ravnklos diadem i Nødvendighetsrommet. I Mysteriekammeret øydelegg Hermine malacruxbegeret. Harry slår diademet med ei Basilisktann og Ronny sparkar det inn i Nødvendighetsrommet, der det blir øydelagt. Harry får ein ny visjon, der han ser kvar Voldemort er og finn ut at den siste malacruxen er slangen Nagini. I båthuset overhøyrer trioen at Voldemort fortèl Slur at oldstaven ikkje vil fungere skikkeleg før Slur er daud. Voldemort ber Nagini drepe Slur. Før han døyr, ber Slur Harry om å ta minna hans til ein tanketank. I kaoset på Galtvort, har Fred, Lupus og Dult blitt drepne.
Harry får vite sanninga om Slur, og finn ut at han sjølv er den siste malacruxen. Han går til den forbodne skogen for å møte Voldemort og ofre seg sjølv. Når Voldemort tilsynelatande drep Harry, fell begge på bakken og svimar av. Harry vaknar i ingenmannsland. Han møter Humlesnurr si ande og forklarar at den delen av Voldemort i Harry blei drepen av Voldemort si eiga forbanning. Harry vender tilbake til kroppen sin, og Narissa Malfang lyg til Voldemort om at Harry er daud.
Voldemort annonserar at Harry er daud på Galtvort, og vil ha alle til å overgje seg til han. Han vil drepe alle som gjer motstand. Harry avslørar at han er i live likevel, og dei to byrjar å duellere. Nilus øydelegg den siste malacruxen, så Voldemort blir dødeleg att. Molly Wiltersen myrdar Bellatrix i Storsalen. I slutten av Harry og Voldemort sin kamp, er det Voldemort si eiga mordforbanning som blir kasta tilbake på han sjølv.
I epilogen har trioen fått born sjølve som dei sender for å byrje på Galtvort.
Roller
endreForskjellar frå boka
endreHer er ei liste over nokre av forskjellane mellom boka Harry Potter og dødstalismanene og filmen Harry Potter og Dødstalismanene del 2:
- I filmen blir det aldri nemnt noko om sonen til Remus Lupus og Nymfadora Dult, Teddy, unntatt når Harry brukar oppstodesteinen og nemner "din son" til Remus, som døydde under Slaget om Galtvort.
- Cho Chang dukkar opp fleire gongar med Galtvortuniform i filmen, noko som er rart sidan ho eigentleg ikkje lenger går på Galtvort.
- Ariana Humlesnurrs historie om kvifor ho "døydde så ung", som Hermine seier i filmen, er ikkje med i han.
- Når Harry til slutt drep Voldemort, står det ikkje i boka at han smuldrar opp som i filmen, men at liket av han er att.
- I staden for at Harry knekker oldstaven og kastar den utanfor Galtvort, står det i boka at han fyrst reparerer sin egen stav og deretter knekker staven på rektors kontor på Galtvort.
- I filmen et Fenris Vargar Lavendel Bruun, men boka nemner ingenting om det.
- Ronny, Harry og Hermine følgjer etter Nagini for å prøve å drepe ho med basilisktenner, men i boka drep Nilus Langballe reint og pent Nagini utan at nokon andre fyrst har prøvd.
- I filmen kyssar Ronny og Hermine kvarandre i Mysteriekammeret, medan dei i boka kyssar framfor Harry midt i borga under slaget om Galtvort.
- I filmen tar Severus Slurs daud plass i "Båthuset", som ikkje er nemnt i bøkene, i staden for i Hylehuset der det skjer i boka.
- Det er mange forandringar i Slurs minne som Harry ser gjennom Tanketanken.
- I boka fortel Harry Ronny og Hermine at han er ein malacrux og må døy, Hermine fortel at ho har mistenkt det ei stund. (I motsetning til i filmen)
Kjelder
endre- ↑ http://www.imdb.com/title/tt1201607/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 19. august 2016; språk på verket: engelsk.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt1201607/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 7. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Harry Potter and the Deathly Hallows - part 2» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Harry Potter og dødstalismanene - del 2» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2013.