Haseki Sultan Imaret
Haseki Sultan Imaret var eit osmansk offentleg suppekjøkken skipa i Jerusalem for å gje mat til fattige under regjeringstida til Suleiman den store. Imareten var del av eit stort waqf-kompleks bygt i 1552 av haseki Hürrem Sultan, kjend i vesten som Roxelana, favorittkona til sultan Suleiman.[2] Suppekjøkkenet skal ha servert mat til minst 500 personar to gonger til dagen.[3]
Haseki Sultan Waqf-komplekset
endreHaseki Sultan waqf-kompleks blei bygd på høgda av osmansk makt. I tillegg til suppekjøkkenet omfatta komplekset ein moske, eit hus for pilgrimar med 55 rom, og eit herberge (khan) for reiande. Med løyve frå ektemannen brukte Haseki Hürrem Sultan inntekter frå ulike eigedommar til å byggja og vedlikehalda komplekset. Desse eigedommane omfatta land i Palestina og Tripoli, i tillegg til butikkar, offentlege bad, såpemakeri og kornmøller.[4] Når landsbyar blei eigedommar blei delen av skatten deira som tidlegare hadde gått til riket sendt til waqfen. Landsbyar som betalte for Haseki Sultan Imaret var mellom anna Bait Dajan, Yazur, Kafr Ana, Ludd, Anaba og Jib.[5] Haseki Sultan Imaret fullførte det religiøse påbodet om å gje almisser, men bidrog også til å forsterka samfunnsordenen og hjelpte Det osmanske riket til å gje eit politisk inntrykk av makt og gjevmilde.[6]
Religiøs tyding
endreVelgjer er ein viktig del av islam. To typar velferd er definerte i Koranen: Zakat, ein obligatorisk velferdsskatt for muslimar som har oppnådd ein viss velstand, og sadaqah, frivillige gåver som er sært anbefalte. Ei av dei mest utbreidde formene for sadaqa var waqf, eller legat. Waqfar, blei gjerne grunnlagde av velståande personar, særleg medlemmar av sultanfamilien, som kunne donera eigedommane sine til permanent bruk for ulike veldedige institusjonar. Offentlege suppekjøkken var waqfar som gav grunnleggjande næring til menneske i nød.[7] Når det gjaldt Haseki Sultan Imaret bygde Hürrem Sultan eit suppekjøkken i Jerusalem fordi det var ein heilag by, saman med Hebron, Mekka og Medina. Ho ønska å sikra at kvar av dei heilage byane hadde ein institusjon som kunne gje mat til svoltne.[8]
Imareten i Jerusalem var ein av fem sultanparet støtta. Dei andre fire blei også bygde i byar som var sentrale i framsyning osmansk makt: Istanbul og Edirne, kjerneområde for det osmanske dynastiet, og i to muslimske heilage stader, Mekka og Medina.[9] Det fyrste moskékomplekset blei bygt i Istanbul i perioden 1537–1539, like etter avrettinga av storvesir Ibrahim Pasha i 1536, som Hurrem Sultan ifølgje rykta skal ha oppfordra til. Føremålet med bygginga var utan tvil å betra omdømet hennar.[10] Jerusalem hadde symbolsk tyding for alle muslimar på grunn av tilknytinga til profeten Muhammad, og Suleyman hadde interesse i å setja sitt merke på byen etter at han nyleg var blitt teken av far hans frå Mamelukk-sultanatet, som hadde bygd fleire storlåtte bygningar her.[10] Kristne pilegrimar til Jerusalem kan også ha vore eit mål, men dei viste seg å vera vanskelege å imponera.[10]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Haseki Sultan Imaret» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2022.
- ↑ «Endowment Charter (Waqfiyya) of Haseki Hürrem Sultan». Discover Islamic Art (på engelsk).
- ↑ Peri (1992), p. 169.
- ↑ Singer (2005), p. 486.
- ↑ Peri (1992), pp. 170-171.
- ↑ Singer (2002), p.51
- ↑ Singer (2005), pp. 483-484.
- ↑ Singer (2005), pp. 482, 484.
- ↑ Singer (2005), p. 494.
- ↑ Finkel (2012), see here (two pages).
- ↑ 10,0 10,1 10,2 Finkel (2012), see here (two pages).
Bibliografi
endre
- Baer, Gabriel (1997). «The Waqf as a Prop for the Social System (Sixteenth-Twentieth Centuries)» (PDF). Islamic Law and Society (BRILL) 4: 264–297. JSTOR 3399362. Arkivert frå originalen (PDF) 17. april 2018. Henta 9 January 2022.
- Finkel, Caroline (2012) [2006]. Osman's Dream: The Story of the Ottoman Empire, 1300-1923. Hachette UK. ISBN 1848547854. Henta 9 January 2022. Suleiman's and Hürrem Sultan's Jerusalem imaret is referred to here.
- Peri, Oded (1992). «Waqf and Ottoman Welfare Policy: The Poor Kitchen of Hasseki Sultan in Eighteenth-Century Jerusalem». Journal of the Economic and Social History of the Orient (JESHO) (Brill) 35 (2): 167–186.
- Singer, Amy (2002). Constructing Ottoman Beneficence: An Imperial Soup Kitchen in Jerusalem. Albany: State University of New York Press. ISBN 0-7914-5352-9.
- Singer, Amy (2005). «Serving Up Charity: The Ottoman Public Kitchen». Journal of Interdisciplinary History (MIT Press) 35 (3): 481–500. Henta 9 January 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Stephan, St. H. (1944). «An Endowment Deed of Khasseki Sultan, dated the 24th May 1552». Quarterly of the Department of Antiquities in Palestine (QDAP) 10: 170-194 [173], Pls. XXXVI-XL. Henta 9 January 2022.
- "Al-‘Imara al-‘Amira", detailed article at enjoyjerusalem.com (re-accessed January 2022)
- "Old City of Jerusalem Revitalization Program Honored With Architectural Award": restoration of Old City Muslim buildings and pictures of the soup kitchen. Washington Report on Middle East Affairs Sep/Oct 2005, pp. 24-25 (re-accessed January 2022).
- "Dar al-Aytam al-Islamiyya Restoration", for the wider surrounding complex including the soup kitchen. At ArchNet.org.
- My Memories of Khassaki Sultan or "The Flourishing Edifice", for a personal story about the imaret (re-accessed January 2022)
- Haseki Hürrem Sultan for more information about the sultana at Turkish "Ottomania and Turcomania" website (re-accessed January 2022)