Hashim Thaçi

kosovisk politikar

Hashim Thaçi (fødd 24. april 1968) er ein kosovisk politikar og tidlegare geriljaleiar. Han var statsminister i Kosovo frå 2008 til 2014, og president frå 2016. Han var leiar for partiet Partia Demokratike e Kosovës (Kosovos demokratiske parti) fram til 2016. Han var tidlegare leiar for geriljahæren Kosovos frigjeringshær (Ushtria Çlirimtare e Kosovës - UÇK).

Hashim Thaçi

Fødd24. april 1968 (55 år)
Srbica
Statsborgar avKosovo, Jugoslavia
Yrkepolitikar, militær, soldat
Utdanna vedUniversitetet i Priština
Universitetet i Zürich
VervStatsminister i Kosovo 2008-2014
FøregangarAgim Çeku
EtterfylgjarIsa Mustafa
VervPresident i Kosovo 2016
FøregangarAtifete Jahjaga
Alle verv
  • Kosovos statsminister (2008–2014)
  • Kosovos president (2016–2020)
  • Kosovos statsminister (1999–2000) Sjå dette på Wikidata

Studentleiar og politisk aktivist endre

Thaçi vart fødd i Brocna/Burojë i Kosovo. Han studerte historie ved universitetet i Prishtina, der han var med og organiserte studentprotestar mot regimet i 1989, og seinare arbeidde som politisk aktivist mot det serbiske styret. I 1992 reiste han til Albania. Der var han aktiv i politiske undergrunnsgrupperingar, og vart i 1993 skulda for å ha våpen ulovleg. Han reiste vidare til Sveits, der han studerte statsvitskap i Zürich. I 1995 fekk han status som politisk flyktning i Sveits, der han jobba på jernbanen.

Thaçi heldt fram sin politiske aktivitet i politiske eksilgrupper, frå 1993 som leiande medlem i den nystifta Kosovos frigjeringshær (UÇK). Han organiserte våpensmugling til Kosovo, og finansiering og trening av UÇK, og oppheldt seg vekselvis i Sveits, Albania og Kosovo. I 1997 vart han dømd in absentia til ti år i fengsel av ein domstol i Prishtina for overall på jugoslaviske politistyrkar mellom 1993 og 1996.

Under krigshandlingane i 1998 var han UÇK-kommandant i Mališevo/Malishevë-regionen, under dekknavnet Gjarpni (slangen). Eit arr på høgre kinnet hans skal koma frå kamphandlingar. 13. august 1998 vart Thaçi vald som ein av dei politiske representantane i generalstaben til UÇK, han vart etter dette i praksis den politiske leiare for UÇK.

Frå UÇK til politikken endre

I februar 1999 leia Thaçi og den dåverande UÇK-leiaren Adem Demaci den kosovo-albanske delegasjonen til fredsforhandlingane i Rambouillet. Under forhandlingane fekk Thaçi gjennomslag for meiningane sine overfor for Demaci, som gjekk av. Demaci hadde kravd umiddelbart sjølvstende for Kosovo, medan Thaçi i første omgang berre kravde serbisk tilbaketrekkjing frå Kosovo. 2. april utpeika UÇK han som statsminister for ei overgangsregjering, frå då av vart han den nye politiske leiaren for rørsla. I den stillinga underteikna han erklæringa om avvæpning og demobilisering av UÇK etter at NATO hadde gått inn i Kosovo.

Frå juni til desember 1999 framstod Thaçi som leiar for ei UÇK-leia regjering i Kosovo, i konkurranse med ei anna kosovo-albansk og ei jugoslavisk regjering. Ingen av dei tre vart anerkjent av SN sitt forvaltningsorgan for Kosovo, UNMIK. Men i motsetning til dei to rivaliserande regjeringane hadde Thaçi stor og væpna stønad frå det tidlegare UÇK, og mange UÇK-tilhengjarar freista å oppretta eigne regionale styringsorgan rundt om i provinsen. I desember 1999 vart Thaçi medlem i eit provisorisk forvaltningsråd for Kosovo, utpeika av UNMIK.

I 1999 vart partiet Kosovos demokratiske parti (PDK) grunnlagd for å etterfylgja Kosovos frigjeringshær. Thaçi har vore partileiar sidan starten. Ved det første parlamentsvalet i Kosovo den 17. november 2001 fekk partiet 25,7 % av røystene og 26 parlamentsmedlemer, og gjekk i koalisjonsregjering med Ibrahim Rugova sitt parti LDK. Etter vala i 2004 vart PDK nest størst, med 28,9 % og 30 mandat, og gjekk i opposisjon. Ved valet den 17. november 2007 vart PDK det største partiet, med 34,3 % av stemmene, og Thaçi vart ny statsminister i januar 2008. PDK gjekk til val på å erklæra sjølvstende frå Serbia raskt, og dette vart gjort den 17. februar 2008.

Anklagar om organisert kriminalitet endre

Hashim Thaçi har fleire gonger vorte skulda for å ha samband med organisert kriminalitet i Kosovo. New York Times sin Balkan-korrespondent, Chris Hedges, har skulda han for å fått politiske motstandarar drepne. Bujar Bukoshi, statsminister i den pasifistisk orienterte undergrunnsregjeringa til Ibrahim Rugova har skulda han for å vera villig til å "gå over lik" for å fremma karrieren sin.

I ein rapport frå den tyske etterretningstenesta Bundesnachrichtendienst som vart offentleggjort i Sveits, vart Thaçi rekna som ein av tre nøkkelfigurar som fungerte som bindeledd mellom politikarar og organisert kriminalitet. Som UÇK-leiar skal han ha kontrollert ei "tryggingsteneste" som var aktiv i heile Kosovo. Det har ofte vorte sagt at UÇK finansierte aktiviteten sin gjennom narkotikahandel.

Ingen av desse skuldingane har ført til rettslege skritt mot Thaçi, og han har ikkje andre dommar på seg enn den for væpna åtak mot politiet frå 1997. Det internasjonale politiet i Kosovo har aldri freista å arrestera Thaçi, og det finst ingen krav om å få han utlevert til nokon andre land.

Hashim Thaçi er gift og har ein son.

Kjelder endre

Denne artikkelen vart starta med ei omsetjing frå tysk wikipedia 20. februar 2008.