Sheikh Hasina
Sheikh Hazina Wazed (fødd 28. september 1947) er ein bangladeshisk politikar som har vore statsminister i landet frå 1996 til 2001 og frå 2009 til 2024. Ho har vore leiaren av partiet Awami League sidan 1981.
Sheikh Hasina | |||
| |||
Fødd | 28. september 1947 (77 år) Tungipara i Aust-Pakistan (no Bangladesh) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Bangladesh | ||
Yrke | politikar, skribent | ||
Utdanna ved | Eden Girls' College | ||
Mor | Sheikh Fazilatunnesa Mujib | ||
Far | Sheikh Mujibur Rahman | ||
Ektefelle | M. A. Wazed Miah | ||
Barn | Sajeeb Wazed, Saima Wazed | ||
Alle verv |
|
Sheikh Hasina Wazed er dotter til Muijibur Rahman, den første presidenten av Bangladesh. Ho deltok ei politikk frå 1960-talet, og var bodberar for faren då han sat fengsla mot slutten av tiåret.
I august 1975 blei foreldra og brørne hennar drepne under eit militærkupp. Hasina og syster hennar som var utanlands overlevde. I 1981 vende Sheikh Hasina tilbake til Bangladesh under general Hossain Mohammad Ershad. Ho danna ein opposisjon mot han, men var mykje av tida i fengsel eller husarrest.
Etter eit ultimatum stilt av Sheikh Hasina og det balngladeshiske folket trekte general Ershad seg tilbake i 1991. I det første valet etter militærdiktatura var det likevel rivalen hennar Khaleda Zia frå Bangladesh Nationalist Party (BNP) som blei vald til statsminister.
I 1996 vann Awami League og Sheikh Hasina valet og ho blei statsminister. I denne tida skreiv ho under ein fredsavtale med opprørsstyrkar i søraustlege Bangladesh og ein avtale om vassressursar med India.
I 2001 blei ho pressa til å gå av etter skuldingar om korrupsjon og misnøye med det nære (nokre sa underdanige) tilhøvet deira til India. Sheikh Hasina er seinare blitt skulda for både korrupsjon og drap. Ho sat fengsla i eit år fram til ho drog til USA i 2008 for medisinsk behandling. I 2009 blei ho vald til sin andre periode som statsminister. Ho sat fram til augusut 2024, då ho måtte gå av og rømma landet etter store demonstrasjonar.[1]
Sheikh Hasina studerte ved Universitetet i Dhaka på 1960-talet. Ho gifta seg med M.A. Wazed Miah i 1968.
Kjelder
endre- ↑ Sandven, Synne Malen (5. august 2024), «Bangladeshs statsminister går av etter store protestar», NRK, henta 9. august 2024
- Profile: Sheikh Hasina, bbc.co.uk
- Sheikh Hasina Wazed britannica.com
- H.E. Sheikha Hasina Wazed, themuslim500.com
- Sheikh Hasina Wazed Arkivert 2013-03-29 ved Wayback Machine., wisemuslimwomen.org