Haukedalen kyrkje
Haukedalen kyrkje (tidlegare Haukedalen kapellkyrkje og Haukedal kapell) står i Haukedalen austom Haukedalsvatnet i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1884. Ho vart vigsla 8. juli 1885.
Haukedalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Holsen og Haukedalen | ||
Fellesråd | Sunnfjord | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hartvig Sverdrup Eckhoff | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 8. juli 1885 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 120 | ||
Haukedalen kyrkje 61°25′13″N 6°22′15″E / 61.4203°N 6.37083°E | |||
Wikimedia Commons: Haukedalen kyrkje |
Bygningen vart sett opp etter teikningar av arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff og har sitjeplassar til 120 personar. [1]
Haukedalen kyrkje er no i lag med Holsen kyrkje soknekyrkjer i Holsen og Haukedalen sokn i Sunnfjord prosti. Tidlegare hadde gudshuset i Haukedalen status som kapell under Holsen, og før Haukedalen fekk eiga kapell på slutten av 1600-talet sokna folket i området til Holsen kyrkje.[1] Kapellet frå 1600-talet vart riven i samband med bygginga av noverande kyrkje. Ei altartavle frå 1673 som hang i gamlekyrkje er no i samlinga til Sunnfjord Museum.[1]
Altartavla som står i kyrkja er frå 1692.[1] Preikestolen og døypefonten vart laga til kyrkja då ho var ny.
Sjå òg
endreKjelder
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen. «Haukedalen kyrkje». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Vitja 13. september 2019
Bakgrunnsstoff
endre- Om Holsen og Haukedalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestadet, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Førde kommune på nettstaden disnorge.no
- Haukedalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Haukedalen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.