Havøya
øy i Måsøy i Troms og Finnmark
Havøya Lokalt namn: Ávvá | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 7,2 km²
|
Høgaste punkt | Havøygavlen (285 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Troms og Finnmark
|
Demografi | |
Folketal | 1150 |
Folketettleik | 160 /km² |
Havøya (samisk: Ávvá) ligg i Måsøy kommune i Troms og Finnmark. Øya har eit areal på 7,2 km² og ligg nøyaktig på 71 grader nord. Kommunesenteret Havøysund ligg her og har om lag 1150 innbyggjarar. Det høgaste punktet på Havøya er Havøygavlen på 285 moh.
Havøysund har hurtigruteanløp og er eit fiskevær, og har ein av av dei aller nordlegaste bensinstasjonane i verda. Øya er knytt til fastlandet med Havøysundbrua.
Bakgrunnsstoff Endra
- Måsøy museumDenne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.