Hawkshead

landsby i England

Hawkshead er ein landsby og eit parish i Cumbria i England. Innanfor parish-grensene ligg bygdene Hawkshead Hill i nordvest, og Outgate i nord. I Hawkshead ligg det ein barneskule, men ingen ungdomsskule, og fire pubar.

Hawkshead
landsby
Land  England
Region Nordvest-England
Fylke Cumbria
Distrikt South Lakeland
Kart
Hawkshead
54°22′30″N 2°59′56″W / 54.375°N 2.999°W / 54.375; -2.999
Wikimedia Commons: Hawkshead

Geografi endre

Hawkshead ligg like nord for Esthwaite Water, i ein dal vest for Windermere og aust for Coniston Water. Han høyrer til regionen Furness, og er dermed historisk sett ein del av grevskapet Lancashire.

Historie endre

 
National Trust-butikk og puben Red Lion.

Hawkshead høyrde opphavleg til munkane ved Furness Abbey. Colthouse i nærleiken har namn etter stallane til klosteret. Hawkshead voks til ein viktig ullmarknad i mellomalderen, og blei seinare til ein marknandsby etter oppløysinga av klostera i England i 1532. Byen fekk sitt fyrste marknads-charter av kong Jakob I i 1608. I 1585 blei Hawkshead Grammar School skipa av erkebiskop Edwin Sandys av York etter å ha fått løyve frå dronning Elizabeth I.

Hawkshead fekk lokal tyding på 1700- og 1800-talet. Diktaren William Wordsworth var elev ved Hawkshead Grammar School. Landsbyen er skildra i Wordsworth sitt dikt The Prelude. Beatrix Potter budde i nærleiken med ektemannen sin William Heelis, ein advokat frå landsbyen.

Med skipinga av Lake District nasjonalpark i 1951 fekk turisme ei større tyding i området, men det blir også drive tradisjonelt landbruk rundt landsbyen.

Mange av eigedommane i og rundt landsbyen tilhøyrer no verneorganisasjonen National Trust. Namnet på National Trust-eigedommen er Hawkshead and Claife.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hawkshead