Nordvest-England
Nordvest-England (North West England) er ein av dei ni regionane i England. Han grensar til Irskehavet i vest og til fjellkjeda Penninane i aust. Regionen strekkjer seg frå grensa til Skottland i nord til dei walisiske fjella i sør. Det høgste punktet i North West England (og den høgste fjelltoppen i England) er Scafell Pike i Cumbria, med ei høgd på 978 m.
![]() Nordvest-England i England | |
Geografi | |
---|---|
Status | Region |
Areal | 14 165 km² |
Demografi | |
Folketal — Totalt — Folketettleik |
6 853 200 483,8 /km² |
BIN per innbyggjarar | £17 433 (6.) |
Styre | |
Adm. senter | Manchester / Liverpool |
Nettstad |
To store konurbasjonar kring byane Liverpool og Manchester dominerer den sørlege delen av regionen og er der det bur mest folk. I den nordlege delen, medrekna nordlege Lancashire og Cumbria, finn ein område med mindre folkesetnad.
Einingar Endra
Han er delt inn i følgjande grevskap og einskaplege styresmakter:
Grevskap Endra
Einskaplege styresmakter Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Nordvest-England» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2009.