Heart of Mine av Bob Dylan
Heart of Mine Singel av Bob Dylan frå albumet Shot of Love | ||
B-side |
«Let It Be Me» (Europa) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | July 1981 (Europa) September 1981 (USA) | |
Innspelt | 15. mai 1981 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 4:32 (album) 3:30 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Chuck Plotkin og Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Saved» (1980) |
Heart of Mine | «Dead Man, Dead Man» (1981)
|
«Heart of Mine» er ein song av Bob Dylan som kom ut i 1981 på albumet hans Shot of Love. Songen vart spelt inn 15. mai 1981, og kom ut på singel. Singelen nådde åttandeplassen på VG-lista i Noreg. Eit konsertopptak av songen kom ut på Biograph i 1985.
Blant artistar som har spelt songen finn ein Norah Jones, Mountain, Steve Gibbons, Blake Mills, Maria Muldaur og Ulf Lundell.
Medverkande
endreUtgjeving
endreI Europa kom «Heart of Mine» ut på singel i juli 1981[2] med ei lengd på 3:30 (korta ned frå 4:32 på albumet).[3] B-sida var «Let It Be Me»,[2] skriven av M. Curtis, P. Delanoe og G. Becaud.[4] Dylan hadde gjeve ut ein annan versjon av denne songen i 1970 på albumet Self Portrait,[5] men B-sida til «Heart of Mine» var ei nyinnspeling.[6] Singelen nådde åttandeplassen i Noreg og låg seks veker inne på Topp 10.[3]
I USA kom singelen ut i september 1981 med B-sida «The Groom's Still Waiting at the Altar».[2] «The Groom's Still Waiting at the Altar» var ikkje med på den originale utgåva av Shot of Love, men kom først ut på Biograph i 1985. Seinare vart han derimot lagt til Shot of Love.[7]
Andre versjonar
endreNorah Jones og Peter Malick spelte inn songen i 2003 på albumet New York City[8] og denne vart nytta i filmen Runaway Jury i 2003 under rulleteksten.[9] Mountain spelte songen på albumet deira Masters of War,[10] og Steve Gibbons spelte han inn på Dylan Project 2.[11] Maria Muldaur gav ut songen på albumet Heart of Mine: Love Songs of Bob Dylan,[12] i tillegg til at ho gav ut konsertopptak av songen på Live in Concert.[13][14] Danielle Haim og Blake Mills spelte inn songen på Chimes of Freedom: Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.[15] Ulf Lundell gav ut ein versjon på svensk kalla «Hjärtat mitt» i 1984 på albumet hans, Sweethearts,[16] og eit konsertopptak på Maria kom tillbaka: Live.[17]
Salslister
endreListe (1981) | Plassering |
---|---|
Norske VG-lista | 8[3] |
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 James 2006, s. 160
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Shelton 1986, s. 555
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Bob Dylan – Heart of Mine
- ↑ Let It Be Me
- ↑ Dylan Ends French Tour
- ↑ Heylin 1995, s. 137, 139
- ↑ James 2006, s. 164
- ↑ Collar
- ↑ IMDB «Soundtrack of film Runaway Jury» Henta 14. oktober 2016.
- ↑ Campbell
- ↑ Steve Gibbons/The Dylan Project
- ↑ Jurek
- ↑ Live in Concert (CD): Overview
- ↑ Live in Concert (DVD): Overview
- ↑ Erlewine
- ↑ Sweethearts: Overview
- ↑ Maria kom tillbaka: Live – Ulf Lundell
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heart of Mine av Bob Dylan» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2018.
- Björner, Olof (2003). «Still on the Road: Saenger Theater Saenger Performing Arts Center New Orleans, Louisiana 10. november 1981». Bjorner.com. Henta 2. desember 2018.
- «Bob Dylan – Heart of Mine». Norwegiancharts.com. Henta 2. desember 2018.
- Campbell, Al. «Masters of War: Review». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- Collar, Matt. «New York City: Review». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- «Dylan Ends French Tour». Billboard. 8. august 1981. Henta 2. desember 2018.
- Erlewine, Stephen Thomas. «Chimes of Freedom: The Songs of Bob Dylan: Review». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- Egan, Sean (2011). «Self Portrait». The Mammoth Book of Bob Dylan. Constable & Robinson Ltd. ISBN 978-1-84901-466-3. Henta 2. desember 2018.[daud lenkje]
- Heylin, Clinton (1995). Bob Dylan: The Recording Sessions, 1960–1994. St. Martin's Griffin. ISBN 0-312-15067-9.
- Heylin, Clinton (2010). «Still on the Road: The Songs of Bob Dylan, 1974-2006». Chicago Review Press. ISBN 978-1-55652-844-6.
- James, Peter (2006). «Warehouse Eyes: The albums of Bob Dylan». Lulu.com. ISBN 9781411680845. Henta 2. desember 2018.
- Janovitz, Bill. «Heart of Mine: Review». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- Jurek, Thom. «Heart of Mine: Love Songs of Bob Dylan: Review». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- «Let It Be Me». Bobdylan.com. Henta 2. desember 2018.
- «Live in Concert (CD): Overview». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- «Live in Concert (DVD): Overview». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- «Maria kom tillbaka: Live – Ulf Lundell». Billboard. Henta 2. desember 2018.
- Perkins, Jeff (2012). «Bob Dylan Uncensored On the Record». Coda Books. Henta 2. desember 2018.
- Rogovoy, Seth (2009). Bob Dylan: Prophet, Mystic, Poet. Simon & Schuster. ISBN 978-1-4165-5915-3. Henta 2. desember 2018.
- Shelton, Robert (1986). «No Direction Home: The Life and Music of Bob Dylan» (2003 utg.). Da Capo Press. ISBN 9780306812873. Henta 2. desember 2018.[daud lenkje]
- «Steve Gibbons/The Dylan Project». RGF Records. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 25. februar 2011.
- «Sweethearts: Overview». Allmusic. Henta 2. desember 2018.