Shot of Love

studioalbum av Bob Dylan
Shot of Love
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 10. august 1981
Innspelt Mars til mai 1981
Sjanger Rock, gospel
Lengd 44:27
Selskap Columbia
Produsent Chuck Plotkin, Bob Dylan, Bumps Blackwell
Bob Dylan-kronologi 
Saved
(1980)
Shot of Love Infidels
(1983)


Shot of Love er det 21. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records den 10. august 1981. Det vert generelt rekna for å vere det siste av dei sterkt religiøse, kristne albuma til Dylan. Det var òg det første sidan han vart gjenfødd som fokuserte på verdslege tema, frå enkle kjærleikssongar til ein ode til den avdøde komikaren Lenny Bruce. Arrangementa har meir røter i rock'n'roll, og til mindre grad i gospel enn dei to føregåande albuma til Dylan.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Robert ChristgauB–[2]
Entertainment WeeklyB–[3]
Q3/5 stars[4]
Rolling Stone3.5/5 stars[5]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[6]

Då albumet kom ut fekk det blanda kritikk. Paul Nelson i Rolling Stone var særleg hard mot albumet, men peikte ut det siste sporet, «Every Grain Of Sand», som strålande. Albumet nådde sjetteplass i Storbritannia, men i USA selde Dylan stadig dårlegare. Albumet nådde 33. plass og låg ei kort stund på albumlista.

Bono frå det irske bandet U2 har omtalt Shot of Love som ein av favorittane hans, særleg på grunn av synginga til Dylan.[7]

Innspeling endre

I september 1980 samla Dylan saman bandet sitt i Rundown Studios i Santa Monica i California, der dei spelte inn fleire av dei nye songane hans, inkludert «Every Grain of Sand». Eit tidleg opptak av «Every Grain of Sand» frå denne tida kom sidan ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991.

Dylan la ut på turné i november-desember 1980, før han vende attende til å skrive songar. I mars 1981 heldt Dylan uformelle innspelingar i både Rundown og Studio 55, og øvde på fleire av dei nye songane medan han testa ut ein potensiell produsent, Jimmy Iovine. Innspelingane fokuserte på songen «Caribbean Wind», innspelingane med Iovine vart skuffande. Ein annan song, «Angelina», vart spelt inn og Dylan var nøgd nok til å setje han til sides for albumet. Dylan kom fram til at han måtte ha ein annan produsent, men etter å ha lete Iovine gå, sleit han med å finne ein høvande produsent.

Dylan slo seg til slutt ned i Rundown der han og bandet arbeidde seg gjennom songane over ein periode på fleire veker. Ein gong seint i april kom den eldre produsenten Bumps Blackwell innom for å vitje Dylan. Han var mest kjend for å ha produsert dei mest kjende innspelingane til Little Richard og han produserte innspelinga den dagen. Dylan var særs nøgd og hadde klar «Trouble», «Magic» og «Shot of Love» for albumet. Blackwell produserte ikkje fleire innspelingar for Dylan, kanskje på grunn av helsa si.

Chuck Plotkin, som hadde arbeidd med Bruce Springsteen, vart til slutt hyrt inn av Dylan og produserte resten av albumet i studioet sitt, Clover Studio. Her spelte dei òg inn ein omarbeidd versjon av «Caribbean Wind», men Dylan var igjen misnøgd med resultatet.

Den 12. mai sette Dylan og Plotkin saman ein versjon av Shot of Love, men etter å ha lytta til albumet dagen etter, valde Dylan å fjerne «Angelina» og «Magic» frå plata. Dei attverande ni songane vart med på plata, men Dylan valde å spele inn fleire av dei på ny.

Miksinga av albumet vart slitsam då Plotkin og Dylan ikkje var samde om korleis dei skulle mikse songane. Jim Keltner fortalte «Chuck ønskte å få til fine miksar av songane, og Bob ville ikkje ha fine miksar. Det meste av det du høyrer på Shot of Love er monitorimiksane». Plotkin brukte enno ein månad på å mikse og overdubbe dei ni songane. Miksinga var omsider ferdig 7. juni og overdubbingane heldt fram til 16. juni.

Utgjeving endre

Fleire kritikarar hadde alt vendt seg mot Dylan på grunn av dei evangeliske tekstane på dei to førre albuma, men mottakinga av Shot of Love var særleg hard. Trass i at «Every Grain of Sand» vart hylla av Paul Nelson i Rolling Stone, vart resten av albumet slakta. Nick Kent i New Musical Express kalla albumet «det verste Dylan-albumet til no.» Trass i mange konsertar i Europa og Nord-Amerika, selde Shot of Love dårlegare enn venta. Likevel skildra Dylan i intervju i 1983 albumet som ein personleg favoritt.

Sjølv om religionen framleis stod sterkt hos Dylan, vart dei religiøse songane gradvis erstatta med meir verdslege songar etter 1981.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Shot of Love»4:18
2.«Heart of Mine»4:29
3.«Property of Jesus»4:33
4.«Lenny Bruce»4:32
5.«Watered-Down Love»4:10
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Groom's Still Waiting at the Altar»4:04
2.«Dead Man, Dead Man»4:03
3.«In the Summertime»3:36
4.«Trouble»4:32
5.«Every Grain of Sand»6:12

Medverkande endre

Produksjon

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Shot of LoveAllmusic
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Bob Dylan». robertchristgau.com. Henta 2. desember 2018. 
  3. Entertainment Weekly review
  4. «Bob Dylan – Shot of Love CD Album». CD Universe/Muze. Henta 2. desember 2018. 
  5. Nelson, Paul (15. oktober 1981). «Bob Dylan: Shot Of Love : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 2. desember 2018. 
  6. «Bob Dylan: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 2. desember 2018. 
  7. «100 Greatest Singers: Bob Dylan». Rolling Stone. 24. mai 1941. Henta 2. desember 2018.