Mythodea — Music for the NASA Mission: 2001 Mars Odyssey er ein korsymfoni[1] av den greske komponisten Vangelis. Han vart opphavleg framført på konsert i 1993,[2] og vart gjeven ut i 2001 på Sony Classical, som òg sette opp sambandet til NASA og marknadsførte ein ny konsert.[3]

2001-versjonen av Mythodea vart spelt inn og framført på scenen av Vangelis på synthesizerar og klaverinstrument, London Metropolitan Orchestra i lag med to harpistar, sopranane Kathleen Battle og Jessye Norman, koret til Den greske nasjonaloperaen, og for konserten Seistron og Typana perkusjonsensemble. Konserten vart halde i Aten i Hellas den 28. juni 2001, og plata vart offisielt gjeve ut 23. oktober 2001. i samband med 2001 Mars Odyssey som gjekk inn i bane kring planeten Mars. Ein video av konserten kom ut tidleg i 2002.[4]

Første konsert: 1993 endre

Verdspremieren på Mythodia (første staving) fann stad 13. juli 1993 ved Herodes Atticus Odeaon i Aten i Hellas. På scenen den gongen var Vangelis som spelte alle instrument i lag med to musikarar på harpe; mezzo-sopranen Markella Hatziana, sopranen Lucienne Deval, og kor og perkusjon frå Den greske nasjonale lyriske scenen, dirigert av Yvan Cassar.[2]

Mythodia var då eit stykke i sju satsar.[4] Vangelis komponerte ikkje berre musikken, men skreiv òg teksten på gammalgresk.[5] I eit intervju med magsinet KLEMblad sa Vangelis «Det tok meg ein time og komponerte stykket. Ja, det tok meg ein time […] Eg brukar ikkje teknologien på vanleg måte. Eg brukar ikkje datamaskinar.»[3] Som ekstranummer spelte Vangelis eit utval av songane sine, mellom anna «La Petite Fille de la Mer» (frå albumet L'Apocalypse des Animaux), «Chariots of Fire», «Pulstar» (frå albumet Albedo 0.39), tre spor frå Conquest of Paradise: «Hispañola», «City of Isabel» og «Conquest of Paradise», og til slutt den greske nasjonalsongen.[4]

Andre konsert: 2001 endre

Mythodea vart ikkje framført igjen dei neste åtte åra, men Vangelis hadde opptaka av konserten frå 1993. Kring år 2000 møtet Vangelis Peter Gelb som då hadde vorte sjef for Sony Classical og ønskte å gjere noko nytt i staden for berre det vanlege klassiske repertoaret. Han hadde akkurat signert kontrakt med Vangelis og var i prosessen å velje ut den første utgjevinga deira. Gelb lytta til nokre lydband Vangelis hadde sendt han då han kom over Mythodea. Han skildra dette i eit intervju: «Då eg først høyrte Mythodea vart eg i ekstase over rytmen og dei mektige temaa, og utan å nøle valde eg umiddelbart denne.»[3]

Med godkjenning frå Vangelis om å spele inn Mythodea med eit fullt orkester, som Gelb hadde føreslått,[3] utvikla Sony Classical ein marknadsføringsplan for Mythodea som med hjelp av venen og kollegaen til Vangelis, dr. Scott Bolton, utvikla seg til å bli knytt til NASA, ei dedikert nettstad, ein lyd-CD og ein konsert som omfatta den greske regjeringa og vart sendt på TV og publisert på video. Avtalen med NASA gjorde Mythodea til den offisielle musikken for oppdraget med romfartøyet 2001 Mars Odyssey. Romfartøyet skulle i bane kring Mars den 23. oktober 2001, og albumet Mythodea skulle ut same dag.

Premieren på den nye versjonen av Mythodea vart 28. juni 2001. Albumet var då alt ferdig, og konserten var ei live framføring av albumet. Konserten vart halden i det gamle Olympiske Zevs-tempelet i Aten i Hellas, som er på plateomslaget.

Konserten vart filma for å sendast på fjernsyn seinare og gjevast ut på DVD. Den greske regjeringa og Sony Classical delte på utgiftene[6]. Styresmaktene rekna konserten som god marknadsføring for Hellas og inkluderte det som ein del av den greske kulturolympiaden fram mot sommar-OL 2004. Det vart nokre protestar, hovudsakleg frå musikaren Mikis Theodorakis, om å bruke offentlege midlar og ein arkeologisk stad.[7]

Konseten omfatta 224 musikarar på scenen: Vangelis, to harpistar, det 75 mann store[8] London Metropolitan Orchestra, det 120 mann store koret frå Den greske nasjonaloperan, og dei greske perkusjonsensembla Seistron og Typana, som spelte på 24 pauker.[9] I bakgrunnen var det sett opp ein skjerm som var 180 meter lang og 24 meter høg[3] som synte bilete frå Mars tekne av NASA, kombinert med element frå gresk mytologi.[10]

Publikumstalet var på mellom 2000 og 2500.[7][8] medan 30 000 fekk med seg konserten gratis på ein storskjerm i nærleiken av Panathinaiko stadion.[7] Konserten varte litt over ein time, og vart etterfølgd av tre ekstranummer: Chariots of Fire, Conquest of Paradise, og ein kombinasjon av Movement 9 og 10.[11] Konserten vart framført ein gong til dagen etter, utan publikum, for å få nokre ekstra kameravinklar. Trass i at det ikkje var annonsert, fekk kring 50 menneske kome inn å sjå, med løyve frå Vangelis sjølv.[9]

Album endre

Mythodea — Music for the NASA Mission: 2001 Mars Odyssey
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 23. oktober 2001
Innspelt 2001
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 66:00
Selskap Sony Classical
Komponist Vangelis
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Reprise 1990–1999
(2000)
Mythodea — Music for the NASA Mission: 2001 Mars Odyssey Odyssey: The Definitive Collection
(2003)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [12]
Tracksounds10/10[13]

Albumet vart spelt inn i Aten Megaro Moussikis på grunn av den gode akustikken i hallen.[14]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Vangelis.

Nr.TittelLengd
1.«Introduction»2:43
2.«Movement 1»5:41
3.«Movement 2»5:39
4.«Movement 3»5:51
5.«Movement 4»13:42
6.«Movement 5»6:35
7.«Movement 6»6:27
8.«Movement 7»4:58
9.«Movement 8»3:07
10.«Movement 9»5:00
11.«Movement 10»3:03

Sal og prisar endre

Albumet nådde toppen av albumlista i Hellas, der det selde til platinaplate[15] og vart nominert til den greske Spellemannsprisen «Arion» i 2002. I Portugal nådde albumet andreplassen og selde til sølvplate.[16] Albumet nådde 46. plassen i Tyskland og 75. plassen i Sveits.

Andre utgjevingar endre

Ein remiksa versjon av «Movement 1» finst på samleplata Odyssey: The Definitive Collection (2003). Den same «Movement 1» vart nytta som kjenningsmelodi i reality-serien «Der Maulwurf» (Moldvarpen), som vart sendt på den tyske kanalen Pro7 i 2001. Han vart òg nytta i trailarane til filmane X-Men (2000) og The Scorpion King (2002).[16] Finally, «Movement 9» is included in the compilation album Classic Kathleen Battle/A Portrait.

Medverkande endre

1993 endre

2001 endre

Kjelder endre

  1. «2001 concert program». Henta 9. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 1993 concert program.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Vangelis (October 2001). «KLEMblad magazine, issue 107». Henta 9. september 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Lodewijks, Dennis (2005-1). «"Elsewhere": Vangelis' Concerts». Henta 15. august 2006. 
  5. de Vries, Ivar. «Album review». Movements. Henta 9. september 2014. 
  6. «A symphony for alien ears». Telegraph.co.uk. 18. oktober 2001. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Lodewijks, Dennis (2005-1). «"Elsewhere": Vangelis' concerts/Mythodea». Henta 15. august 2006. 
  8. 8,0 8,1 Lodewijks, Dennis (14. oktober 2001). «Blake Neely interview». Henta 15. august 2006. 
  9. 9,0 9,1 van Houtert, John. «"Elsewhere": Concert review». Henta 15. august 2006. 
  10. Lodewijks, Dennis. «"Elsewhere": Vangelis' albums». Henta 15. august 2006. 
  11. Lodewijks, Dennis (2001-6). «"Elsewhere": News». Henta 15. august 2006. 
  12. http://www.allmusic.com/album/mythodea-music-for-the-nasa-mission-2001-mars-odyssey-mw0000015711
  13. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. november 2008, henta 9. september 2014 
  14. «Vangelis interview». Greek newspaper Ta Nea. June 23, 2001. Henta 9. september 2014. 
  15. «Vangelis Papathanasiou, the International Greek». Status magazine. 2002-6. Henta 9. september 2014. 
  16. 16,0 16,1 «Dennis Lodewijks' Elsewhere». Henta 15. august 2006.