«Heaven»
Song av D mol
Land Montenegro
Språk Engelsk
Utgjeve 29. mars 2019
Sjanger Pop
Lengd 02:59
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) Dejan Božović og Adis Eminić

«Heaven» (norsk 'himmelen') er ein song frå 2019 som vert framført av den montenegrinske vokalgruppa D mol. Songen vann den montenegrinske songtevlinga Montevizija og var det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

D mol framfører «Heaven» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

Om songen endre

18. desember 2018 kunngjorde kringkastaren RTCG at «Heaven» var blant bidraga til songtevlinga Montevizija 2019, den montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest. Songen var opphavleg kalla «Ti», men fekk engelsk tekst og tittelen «Heaven» før finalen laurdag 9. februar 2019.[1]

Gruppa D mol, som var sett saman for høvet, framførte songen. I Montevizija vann gruppa superfinalen med 68 prosent av telefonrøystene, og «Heaven» vart dimed det montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest i Israel i mai 2019.[2]

Eurovision Song Contest endre

I januar 2019 vart Montenegro trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Montenegro hadde startnummer 2.[3] «Heaven» enda på ein 16. plass i sin semifinale, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[4]

Kjelder endre

  1. «D-Moll to represent Montenegro in Tel Aviv with 'Heaven'». Henta 12. februar 2019. 
  2. «D-Moll win Montenegro's Montevizija 2019 with "Heaven"» (på engelsk). 9. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  3. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  4. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.