Montenegro i Eurovision Song Contest

Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke tolv gongar. Montenegro deltok tidlegare i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, både som Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og deretter Serbia og Montenegro i åra 2004-2006. Frå 2007 har Montenegro delteke som sjølvstendig nasjon. Sidan debuten har Montenegro berre kvalifisert seg til finalen to av tolv gongar, sist i 2015.[1]


Montenegro


RTCG
Uttakingar
Nasjonalt 4
Internt 8
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 12
Beste resultat
Semifinalen 7 (2014)
Finalen 13 (2015)
Verste resultat
Semifinalen 22 (2007)
Finalen 19 (2014)
Poeng
Semifinalane 516
Finalane 81
Totalt 597

Historikk endre

Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Året etter og fram til 2003, fekk ikkje Jugoslavia deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]

Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og grunngav det med at for mange land ville bli ståande utanfor finale om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ei montenegrinsk folkeavrøysting om lausriving. Montenegro erklærte sitt sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjøvstendige nasjonar i Eurovision Song Contest i 2007.

Liten suksess endre

I motsetning til nabolandet Serbia, har Montenegro hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Etter tre år utan finaleplass valde den montenegrinske kringkastaren Radio Televizija Crne Gore (RTCG) å trekkje seg i 2010. Årsaka var den vanskelege økonomiske situasjonen hos kringkastaren RTCG.[6]

Etter to år vekke frå tevlinga, kom Montenegro tilbake igjen til Eurovision Song Contest i 2012, men kvalifiserte seg fyrst til ein finale i 2014 - på sitt sjette forsøk. I si fyrste finaledeltaking vart Montenegro nummer 19 av 26, og året etter kom den førebels beste plasseringa til Montenegro i Eurovision Song Contest; ein trettandeplass. Sidan den gongen har ikkje Montenegro kvalifisert seg til finalen.

Bidraga i Eurovision Song Contest endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  2007 Stevan Faddy «'Ajde, kroči» Montenegrinsk Ikkje kvalifisert 33 22
  2008 Stefan Filipović «Zauvijek volim te» Montenegrinsk 23 14
  2009 Andrea Demirović «Just Get Out of My Life» Engelsk 44 11
Deltok ikkje 20102011
  2012 Rambo Amadeus «Euro Neuro» Engelsk, montenegrinsk og tysk Ikkje kvalifisert 20 15
  2013 Who See «Igranka» Montenegrinsk 41 12
  2014 Sergej Ćetković «Moj Svijet» Montenegrinsk 37 19 63 7
  2015 Knez «Adio» Montenegrinsk 44 13 57 9
  2016 Highway «The Real Thing» Engelsk Ikkje kvalifisert 60 13
  2017 Slavko Kalezić «Space» Engelsk 56 16
  2018 Vanja Radovanović «Inje» Montenegrinsk 40 16
  2019 D mol «Heaven» Engelsk 46 16
Deltok ikkje 20202021
  2022 Vladana «Breathe» Engelsk Ikkje kvalifisert

Røystehistorikk (2007-2021) endre

Finalane endre

Montenegro har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Serbia 114
02   Russland 70
03   Albania 69
04   Italia 61
05   Aserbajdsjan 46

Montenegro har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Armenia 20
02   Slovenia 17
03   Makedonia 16
04   Albania 12
  Serbia

Semifinale endre

Montenegro har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Serbia 65
02   Slovenia 61
03   Russland 53
04   Albania 52
05   Hellas 49

Montenegro har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Serbia 57
02   Slovenia 46
03   Bosnia-Hercegovina 38
04   Aserbajdsjan 32
05   Albania 31

Galleri endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Montenegro – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 20. desember 2016. 
  2. FNs sikkerhetsråd (30. mai 1992). «Security Council resolution 757 (1992) [Bosnia and Herzegovina]». FNs høykommissær for flyktninger/FN. Henta 3. desember 2016. 
  3. Agence France Presse (9. oktober 2000). «List of International Sanctions Against Serbia». Global Policy Forum. Henta 3. desember 2016. 
  4. Sietse Bakker (27. november 2002). «No new countries at next Eurovision Song Contest». esctoday.com. Henta 4. desember 2016. 
  5. «Member States». De forente nasjoner – FN. Henta 20. desember 2016. 
  6. Hondal, Victor (17. november 2009). «Montenegro withdraws from Eurovision 2010». ESCToday. Henta 20. desember 2016. 

Kjelder endre