Fossli Hotel
62°25′39″N 7°15′17″E / 62.42750°N 7.25472°E
Fossli Hotel | |||
| |||
Opna | 1891 | ||
---|---|---|---|
Stil | jugendstilarkitektur | ||
Fossli Hotel 60°25′39″N 7°15′18″E / 60.4275°N 7.255°E |
Fossli Hotel er eit hotell som ligg på Fossli ved Vøringsfossen ved toppen av Måbødalen i Eidfjord kommune.
Hotellet har vore i eige av familien Garen i fire generasjonar, og vert i dag drive av oldebarnet til Ola, Erik Garen. Det har per i dag 21 soverom, restaurant, kafe, bar og souvenirbutikk. Det er òg mogleg å nytta hotellet som konferanselokale.
Elles har hotellet, saman med dei andre som bur på den delen av Eidfjord som ligg i dette området, postadresse 5785 VØRINGSFOSS.
Fossli Hotel må ikkje forvekslast med Vøringsfoss Hotel, som ligg to mils køyring unna, i Eidfjord sentrum.
Historie
endreOla L. Garen (1857-1915) frå Sysendalen var den som fekk idéen til hotellet i 1880-åra. På den tida fanst det berre ein fotsti til toppen av Vøringsfossen. Engelske turistar hadde tidlegare skjemta om at eit hotell her kunne bli ein verdsattraksjon, og Ola tok dei på ordet. Men for å kunna realisera planane sine, måtte han ha ein betre veg for hest og kløv opp Måbødalen. Alle materialar til hotellet måtte fraktast opp på hesteryggen, og med Ola L. Garen i spissen, vart det sett i stand ein ny veg. Vegen fekk namnet Tømmerløypet, og vart etter dette hovudvegen opp Måbødalen.
Hotellet fekk namnet Fossli Hotel, og vart designa av arkitekten Frederik Konow Lund i jugendstil.[1] Det tok imot sine fyrste gjester i 1887 og stod ferdig i 1891.
Fossli Hotel trekkjer naturleg nok mange gjester grunna den storslåtte Vøringsfossen. Opp gjennom åra har det vore vitja av både forfattarar, musikarar og kongelege. Edvard Grieg budde på hotellet sommaren 1896, og komponerte Norske folkeviser - Opus 66 her.[2][3] Det står framleis eit piano på hotellet laga i 1896 av fabrikken Zimmerman i Leipzig, som Edvard Grieg ein gong har spelt på.[3][4]
Kjelder
endre- ↑ «Frederik Konow Lund». Norsk Biografisk Leksikon. Henta 1. oktober 2020.
- ↑ Grimley, Daniel M. (2006). Grieg: Music, Landscape and Norwegian Identity. Boydell Press. s. 93. ISBN 184-383-210-0.
- ↑ 3,0 3,1 Destinosjon Eidfjord. «Fossli Hotel». Hardangerfjord.com. Arkivert frå originalen 1. april 2016. Henta 4. august 2012.
- ↑ Eidfjord Kommune. «Pianoet på Fossli Hotel». Eidfjord.kommune.n. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 4. august 2012.
- Heimesidene til Fossli Hotel
- Historikken bak Trolltoget i Måbødalen. Arkivert 2007-09-09 ved Wayback Machine.
- Pianoet på Fossli Hotel Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.