Heihe
Heihe

Kart over Heihe
Heihe (gul) i Heilongjiang

TidssoneUTC+8
Folketal1,750,000
Plassering

Heihe
50°14′45″ N 127°29′19″ E

Heihe er eit byprefektur nordvest i provinsen Heilongjiang i Kina. Byprefekturet har eit areal på 54 390 km² og 1 673 898 innbyggjarar i 2010.

Byen Heihe ligg ved grensa til Russland, på sørbreidda av elva Amur (på kinesisk: Heilongjiang) og tvers overfor den russiske grensebyen Blagovesjtsjensk. Heihe og Blagovesjtsjensk utgjer ei frihandelssone og er eit av dei viktigaste sentera for den sino-russiske handelen. I vest grensar Heihe mot den autonome regionen Indre Mongolia.

Byprefekturet Heihe omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 202 tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang og passerer gjennom Harbin og Shenyang før han endar i Dalian ved Gulehavet.

KjelderEndra