Opna hovudmenyen
Shenyang
Tidlegare namn Mukden Mukden
Sattellittbilde av Shenyang (i vest) og Fushun i 2010.
Sattellittbilde av Shenyang (i vest) og Fushun i 2010.
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Liaoning
Geografi
Flatevidd 13 308 km²
Innbyggjarar 7 860 000
Diverse anna
Postnummer 110000
Telefon-retningsnummer 24
Plassering
Plassering av Shenyang
Frå Mukdenpalasset i Shenyang
Pailouen framfor Zhong Jie, ei handlegate i sentrale Shenyang.

Shenyang er ein kinesisk subprovinsiell storby som er provinshovudstad i Liaoning. Han er eit viktig industri- og handelssenter i Nordaust-Kina.

Innanfor bygrensene reknar ein at Shenyang har til 3 528 000 innbyggjarar (2004), medan heile det subprovinsielle området har 7,73 millionar.

HistorieEndra

Shenyang betyr 'byen nord for Shen' og viser til plasseringa ved Hun-elva, tidlegare kalla Shen. Plasseringa er strategisk viktig, og Shenyang var hovudstad for mandsjuane på 1600-talet før dei erobra Kina. Fleire gravmæle og herskarresidensen er tekne vare på. Byen blei eit viktig jernbaneknutepunkt som handels- og industrisentrum for Mandsjuria. I 1931 blei Shenyang hovudstad i det japanske lydriket Mandsjukuo.


Administrative einingarEndra

Den subprovinsielle byen Shenyang har jurisdiksjon over 9 distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og 3 fylke (县 xiàn).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Folketal
(2003 est.)
Areal (km²) Tettleik (/km²)
 
Distrikter
1 Shenhe 沈河区 Shěnhé Qū 610 000 18 33 889
2 Heping 和平区 Hépíng Qū 640 000 21 30 476
3 Dadong 大东区 Dàdōng Qū 640 000 51 12 549
4 Huanggu 皇姑区 Huánggū Qū 750 000 37 20 270
5 Tiexi 铁西区 Tiěxī Qū 810 000 39 20 769
6 Sujiatun 苏家屯区 Sūjiātún Qū 420 000 776 541
7 Dongling 东陵区 Dōnglíng Qū 410 000 896 458
8 Shenbei (nye) 沈北新区 Shěnběi Xīn Qū 280 000 852 329
9 Yuhong 于洪区 Yúhóng Qū 350 000 774 452
Byfylker
10 Xinmin 新民市 Xīnmín Shì 690 000 3 315 208
Fylker
11 Liaozhong 辽中县 Liáozhōng Xiàn 530 000 1 670 317
12 Kangping 康平县 Kāngpíng Xiàn 350 000 2 173 161
13 Faku 法库县 Fǎkù Xiàn 450 000 2 320 194

SamferdsleEndra

Shenyang er stoppestad på den viktige jernbanelinja Jinghabanen som går frå Beijing til Harbin via mellom anna Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Fleire riksvegar kjem òg til byen.

StyresmakterEndra

Borgarmeisteren i Shenyang er Jiang Youwei (姜有为, 2019).

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Shenyang