Heim kyrkje

kyrkje i Hemne kommune i Trøndelag

Koordinatar: 63°25′25.666″N 9°5′35.686″E

Heim kyrkje ligg i Heim kommune i Trøndelag fylke og er kyrkje for Heim sokn. Det var for liten plass i kyrkjaKyrksæterøra som gjorde at Heim kyrkje vart bygd.

Heim kyrkje
kyrkje
Heim kirke fra LH.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Heim
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Heim
Fellesråd Heim
Type Langkyrkje
Arkitekt A.H. Thorsen
Innvigd 16. januar 1884
 - Endringar Rest. 1962
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Klokker 2 (1883)
Kyrkjegard Nei
Altartavle (1882)

Heim kyrkje
63°25′26″ N 9°5′36″ E
Wikimedia Commons: Heim kirke
Heim gravplass med klokketårn

Kyrkja er ei langkyrkje med tårn og hovudinngang i vest, med kor i austenden.

Kyrkja har om lag 300 sitjeplassar. Av desse er 100 på galleriet.[1]

OrgeletEndra

Eit digitalt kyrkjeorgel med 34 stemmer vart kjøpt inn i 1991, og eit piano vart kjøpt inn i 1992.

GravplassEndra

Gravplassen er ikkje ved kyrkja fordi jordsmonnet der ikke var eigna som gravplass. I 1893 vart ein kyrkjegard anlagt om lag ein kilometer frå kyrkja. I 1960 fekk staden eit klokketårn. Det er om lag 600 graver på kyrkjegarden. Ved kyrkegarden ligg ein gravhaug frå mellomalderen.

KjelderEndra

  1. Orkdal prosti

BakgrunnsstoffEndra