Kyrksæterøra er ein tettstad og eit av to administrasjonssenteret i Heim kommune i Trøndelag fylke, i lag med Liabø. Staden ligg inst i Hemnfjorden, mellom fjorden og Rovatnet, og har 2 563 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Kyrksæterøra
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Heim
Areal 2,29 km²
Folketal 2 563 (2017)
Folketettleik 1 119 / km²
Postnummer 7200 KYRKSÆTERØRA
Preposisjon Kyrksæterøra
Kart
Kyrksæterøra
63°17′26″ N 9°5′20″ E
Wikimedia Commons: Kyrksæterøra

Han var tidlegare administrasjonsstad i Hemne kommune

Tettstaden er eit handelssentrum og her er det hotel, daglegvarebutikkar, klede- og sportsbutikkar, frisør, verkstad, camping- og hytteutleige, småbåthamn, bank og serveringsstader. Av industri har Kyrksæterøra skipsverft, byggfirma, trevarefabrikk og avlsfabrikk for laks og regnbogeaure. Fylkesveg 680 går gjennom staden.

Kyrksæterøra har 10-årig grunnskule og vidaregåande skule med allmenn- og yrkesfag. Av offentlege tenester er det lækjar og tannlækjar, og helse- og eldresenter.

Hemne kyrkje ligg på toppen av endemorenen (Skeiet) mellom Rovatnet og Hemnfjorden.

Namnet «Kyrksæterøra» kjem opphavleg frå gardsnamnet Kirkjusoðin, 'på kyrkjesida (av elva Søa)'; siste ledd øyr, 'sandbanke'.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra