Heino Puuste (fødd 7. september 1955) er ein estisk tidlegare friidrettsutøvar som i 1982 vann EM-sølv i spydkast som representant for Sovjetunionen.

Heino Puuste
Statsborgarskap Estland
Fødd 7. september 1955 (68 år)
Lagedi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Utmerkingar

4. klasse av Den hvite stjernes orden, Estonian Athlete of the Year, Estonian Coach of the Year

Aktiv endre

Puuste høyrde med i verdseliten i spydkasting frå 1980 til 86. 29. mai 1980 sette han personbeste i Helsinki med eit kast 89,32 meter. To månader seinare kasta han spydet 86,10 meter under OL-finalen og vart fjerdemann i tevlinga. Sist i juni 1982 forbetra Puuste seg i Cottbus til 90,32 m då Aust-Tyskland møtte Sovjetunionen til landskamp. Seinare i same sesongen sikra han seg sølvmedaljen ved europameisterskapen i Aten.

Under landskampen mellom Storbritannia og Sovjetunionen i Birmingham den 5. juni 1983 sletta Puuste den sovjetiske spydrekorden då han vann spydtevlinga. Med eit kast på 94,20 meter forbetra han landsrekorden til Jānis Lūsis med 40 cm. I den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i august månad enda Puuste på fjerdeplass. OL-sesongen 1984 kasta Puuste 91,86 m som best, men deltok ikkje i Los Angeles då Sovjetunionen boikotta leikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre