Jānis Lūsis

Jānis Lūsis (fødd 19. mai 1939 i Jelgava i Latvia, død 29. april 2020) var ein latvisk friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen. Han fekk medalje i spydkast-tevlinga i kvart einaste internasjonale meisterskap frå 1962 til 1972.

Jānis Lūsis
Janis Lusis 2011-03-23.jpg
Fødd 19. mai 1939
Jelgava
Død

29. april 2020 (80 år)
Riga

Yrke spydkastar
Jānis Lūsis på Commons

AktivEndra

Lūsis vann i 1969-sesongen alle tevlingane han stilte i, den 19. september i Athen tok han sin tredje EM-tittel i spyd. I det neste friidretts-EM (Helsingfors 1971) vart han den første mannlege friidrettsutøvar som tok fire EM-titler i same øving. Vinnarkastet på 90,68 m var meir enn fem meter lengre enn det næraste konkurrent presterte.

Lūsis mista verdsrekorden sin til finske Jorma Kinnunen i 1969, men tok den tilbake i Stockholm den 6. juli 1972, med eit kast som målte 93,80 m. Han såg dermed ut til å vere i storform og klar til å forsvare OL-gullet frå 1968. I spydfinalen i München i 1972 leia Lūsis etter første omgang, og auka i tredje omgang med eit kast på 89,54 m. I femte omgang kasta vesttyskaren Klaus Wolfermann, heia fram av eit entusiastisk heimepublikum på olympiastadion, heile 90,48, ny olympisk rekord. Lūsis heldt hovudet kaldt, slik han hadde for vane, og i sjette og siste omgang klemte han til med sitt lengste kast i tevlinga. Det vart målt til 90,46 m, berre to centimeter kortare enn Wolfermann sitt kast. Dermed måtte Lūsis ta til takke med sølvet.

Lūsis heldt fram å tevle i endå fleire år, men måtte innsjå at han hadde sine beste år bak seg. I Roma-EM i 1974 forsøkte han å ta sin femte EM-tittel, han vart nummer 6. To år seinare i Montreal, deltok han 37 år gammal i sitt fjerde OL og vart nummer 8.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra

  • Bokmålswikipedia