Heirtzler randis
Heirtzler randis er eit relativt lågt, pyramideforma isområde som strekkjer seg over kring 13 km, på vestsida av Violantefjorden og nord for Maurybreen på Black Coast i Palmer Land i Antarktis. Isen vart oppdaga og fotografert frå lufta av United States Antarctic Service den 30. desember 1940, og vart kartlagt av United States Geological Survey frå flyfotografi teken av U.S. Navy 1966–69. I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart han namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter James R. Heirtzler, ein amerikansk fysikar. Heirtzler var forskar ved Columbia University og Lamont–Doherty Geological Observatory i 1960–64, og seniorforskar 1964–67. Han var seniorforskar ved Woods Hole Oceanographic Institute i 1969–86 og geofysikar og sjef for den geofysiske avdelinga ved NASA Goddard Space Flight Center frå 1986.[1]
Heirtzler randis | |||
randis | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 72°34′S 61°25′W / 72.567°S 61.417°W | ||
Lengd | 13 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Heirtzler randis 72°34′00″S 61°25′00″W / 72.56666667°S 61.41666667°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Heirtzler Ice Piedmont». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 7. januar 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Heirtzler randis» (innhald frå Geographic Names Information System).