Helene Weigel, opphavleg Helene Weigl (12. mai 19006. mai 1971) var ein tysk skodespelar, opphavleg frå Wien i Austerrike. Saman med den tyske forfattaren og teatermannen Bertolt Brecht, ektefellen hennar, skipa ho teateret Berliner Ensemble, og virka som leiar av teateret fram til ho døydde. Dessutan virka ho som den kunstnarlege leiaren av teatret etter at Brecht var avliden i 1956.

Helene Weigel

Helene Weigel i rolla som mora i eit av Bertolt Brechts skodespel, Die Mutter. Leben der Revolutionärin Pelagea Wlassowa aus Twer (Mora. Livet til den revolusjonære Pelagea Wlassowa frå Twer), under ei framsyning med Berliner Ensemble i 1967.
Statsborgarskap Austerrike, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 12. mai 1900
Wien
Død

6. mai 1971 (70 år)
Berlin

Yrke politikar, teaterskodespelar, filmskodespelar, teatersjef
Språk tysk
Politisk parti Sozialistische Einheitspartei Deutschlands, Kommunistische Partei Deutschlands
Medlem av Akademie der Künste der DDR
Far Siegfried Weigl
Mor Leopoldine Weigl
Ektefelle Bertolt Brecht
Helene Weigel på Commons

Helene Weigel virka òg som skodespelar i Berliner Ensemble, og har spela så godt som alle dei viktige kvinnerollene i dei skodespela til Bertolt Brecht som vart sett opp av Berliner Ensemble. Brecht har på si side vore påverka av ho i utforminga av kvinnerollene i skodespela sine.

Helene Weigel utdanna seg til skodespelar i Wien, og slog seg i 1919 ned i Frankfurt am Main i Tyskland, og i 1922 i hovudstaden Berlin. Her studerte ho dramaturgi under Max Reinhardt, og fekk dei fyrste rollene sine hjå Volksbühne og Deutsches Theater Berlin, og etter kvart fekk store roller. Ho vart kjend med Bertolt Brecht og fekk ein son med han i 1924. Fem år seinare gifta dei seg, og i 1930 fekk dei dottera Barbara. Etter den nazistiske maktovertakinga i Tyskland og under den andre verdskrigen måtte dei leve i eksil, før dei etter krigen reiste til den sovjetiskkontrollerte parten Tyskland som seinare vart til Den tyske demokratiske republikken (DDR), og slog seg ned i Aust-Berlin (hovudstaden i DDR), der dei skipa teaterscena Berliner Ensemble.

Weigel døydde i Berlin i Tyskland.

Sjå òg endre