Helle Helle
Helle Helle (fødd 14. desember 1965) er ein dansk forfattar, opphavleg døypt Helle Olsen.
Helle Helle | |
Helle Helle hos Literaturhaus München 21. juni 2012 Foto: Lesekreis
| |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 14. desember 1965 (59 år) Nakskov |
Yrke | skribent, romanforfattar |
Språk | dansk |
Helle Helle på Commons |
Helle Olsen er fødd i Nakskov, Lolland kommune i Danmark. Ho debuterte med novella Et blommetræførste i avisa Information i 1987 under namnet Helle Krogh Hansen. Seinare valde ho å ta etternamnet til bestemor si, Helle, og det var under det namnet ho gav ut romanen Eksempel på liv i (1993).
Helle Helle er exam.art. i litteraturvitskap frå Københavns Universitet. I tillegg er ho utdanna frå forfattarskule. Ho er kjend for ei avmålt, realistisk røyst i skrivinga si. Helle Helle har fått det danske Statens Kunstfonds tre-årige arbeidsstipend. Bøkene hennar er omsette til norsk, svensk, estisk, nederlandsk, tysk og tsjekkisk.
Bibliografi
endre- Eksempel på liv, roman, 1993
- Rester, noveller, 1996
- Hus og hjem, roman, 1999
- Biler og dyr, noveller, 2000
- Forestillingen om et ukompliceret liv med en mand, roman, 2002
- Min mor sidder fast på en pind, barnebok (med Lars Nørgaard), 2003
- Rødby-Puttgarden, roman, 2005
- Ned til hundene, roman 2008
- Dette burde skrives i nutid, roman 2011
- Hvis det er, roman 2014
- de, roman 2018