Hellevik bedehuskapell

kyrkjebygg i Fjaler kommune

Hellevik bedehuskapell står i grenda Hellevik ved Vilnesfjorden i Fjaler kommune i Vestland. Bygget vart innvigd i 1978 og er eit fleirbrukshus.

Hellevik bedehuskapell
kyrkje
Hellevik bedehuskapell
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fjaler
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Fjaler
Fellesråd Fjaler
Arkitekt Johannes Brendehaug
og Jonas Lone
Innvigd 1. oktober 1978
Stopul Frå 1985
Kyrkjegard Ved kapellet
Sitjeplassar 120
Diverse I privat eige
Kart
Hellevik bedehuskapell
61°18′07″N 5°09′31″E / 61.3019°N 5.15861°E / 61.3019; 5.15861
Wikimedia Commons: Hellevik bedehuskapell
Hellevik bedehuskapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Hellevik bedehuskapell

Det vart laga til gravplass ved kapellet i 1983, og i 1985 vart det bygd ein klokkestopul ved sida av kapellet. Før kapellet stod ferdig sokna folk i området til Holmedal kyrkje på nordsida av fjorden.[1] I 1991 då Holmedal vart overført til Askvoll kommune, vart Hellevik overført til Dale sokn.[2] Sidan er sokna i Fjaler prestegjeld slegne saman til eitt felles sokn som heiter Fjaler sokn.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre