Helmer Lundgreen (5. september 181527. januar 1892) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Trondheim. Han representerte valkrinsen Trondheim og LevangerStortinget 1865-66 og 1874-76.

Helmer Lundgreen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. september 1815
Trondheim
Død

27. januar 1892 (76 år)
Trondheim

Yrke handelsmannn, politikar
Politisk parti Høgre

Lundgreen var son til ein innvandra handelsmann frå Flensburg. Allereie i 1831, 16 år gammal, tok Lundgreen over styringa av forretninga som mor hans eigde i Trondheim. Frå 1842 dreiv han eiga forretning i heimbyen. År 1857 var han mellom grunnleggjarane av Nordenfjeldske Dampskibsselskab, eit selskap han var direktør for frå 1863 til han døydde. Lundgreen hadde også mange andre verv, mellom anna var han styremedlem i Nordenfjelske sjøforsikringsselskap, i sparebanken i Trondheim og i Trondhjems privatbank. Heilt frå 1859 til døden kom i 1892 var han med i styret for Noregs Bank.

Frå 1854 til 1866 var Lundgreen medlem av bystyret i Trondheim. Til stortinget 1865-66 var han fyrste varamann frå Trondheim og Levanger, møtte då i staden for den valde Einar Gram og var medlem i Bankkomiteen. Lundgreen møtte også heile stortingsperioden 1874-76 som fyrste varamann, etter som den valde representanten Michael Getz, stendig melde sjukdomsforfall. Han var då medlem av Lagtinget, 1874 i Gasje- og pensjonskomiteen og 1875-76 i Tollkomiteen.

Kjelder endre