Opna hovudmenyen

Systrond er eit tradisjonelt namn på bygda i Leikanger kommune som strekkjer seg frå Fatlaelvi i aust til Hella i vest. Namnet har ingen offisiell status og SSB nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger på bygda og tettstaden. Innbyggjarnamnet på personar frå bygda er systrending.[1]

Systrond
bygd
Systrond.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Leikanger
Areal km²
Folketal 2 139 (2017)
Folketettleik 1 070 / km²
Postnummer 6863 LEIKANGER
Innbyggjarnamn Systrending
Preposisjon Systrond
Systrond med Leikanger til venstre og Hermansverk til høgre

Tidlegare hadde bygda to sentrumsdanningar om lag 3 km frå kvarandre, Hanahaug og Hermansverk, begge med butikkar, hotell, rutebåtanløp, post o.l. Sentrum på Hanahaug hadde Leikanger som offisielt namn (post, skipsanløp o.l.). I løpet av dei siste tiåra er dei fleste sentrumsfunksjonane på Hanahaug blitt nedlagt og Hermansverk er no det einaste reelle sentrumet på Systrond. Hanahaug har framleis ein operativ kai med anløp av hurtigbåt frå Bergen, eit hotell (Leikanger Fjord Hotel) og bruktbutikk.

Arkeologiske undersøkingar har vist at det har vore drive jordbruk på Systrond i meir enn 4500 år.

TydingEndra

Det er ikkje heilt klårt kva fyrste delen av namnet tyder. Ei populær, folkeleg forklåring er at namnet skal komma av det norrøne ordet syr for ‘purke, hogris’, men dette blir avvist av Oluf Rygh i hans verk Norske Gaardnavne. Rygh skriv vidare at «forøvrigt maa dets Forklaring siges at være aldeles uvis». Ei anna folkeleg forklåring knyter fyrste del av namnet til verbet sjóða ‘koka, sy(da)’ og tanken er då anten at den sørvendte bygda «syder av varme» eller at den ca. 4 km breie fjorden, som sjeldan er heilt stille, «syd og læt» ustanseleg.

Språkforskarar har derimot nyleg framsett eit forslag at fyrsteleddet heng saman med himmelretninga «sør» og at Systrond er den «søre stranda».[2] Det finst i dagens namneflora inga «nordstrand» i området, men Balestrand, som ligg rett vest for Systrond og som fram til 1850 var ein del av Leikanger kommune, kan tenkjast å ha fungert som referanse for nemninga «sørstrand».

Sjå ògEndra

KjelderEndra