Ingvar Halsnes (21. september 19572. april 2007) var ein norsk bonde og gardsvert på Leikanger i Sogn. Halsnes kom opphavleg frå Molde, og overtok saman med kona Marit den såkalla Eggjagarden i klyngjetunet Henja (Henjum) på Leikanger i 1987.

Ingvar Halsnes
Fødd 21. september 1957
Død

2. april 2007 (49 år)

Saman med kona Marit Henjum Halsnes, dotter til Tambur-Ola, starta han i 1996 opp gardsrestauranten Henjatunet i ei sperrestove frå 1765 på garden. Ekteparet har lagt vekt på å utvkla kvalitetsprodukt basert på råstoff frå garden, og i restauranten vert det mellom anna servert heimelaga sider og andre fruktprodukt. I 2005 fekk dei Sogn og Fjordane Naturvernforbund sin naturvernpris[1] for arbeidet sitt med lokal matproduksjon og -foredling.

Halsnes var aktiv med å fremja gardsturisme som ei ny attåtnæring for bønder i Noreg generelt og på Vestlandet spesielt og han sat i ein periode i styret for Norsk Bygdeturisme og Gardsmat.

Halsnes var elles aktiv i det lokale kulturlivet mellom anna som ein av fleire frontfigurar i Leikanger Mannskor. Han var òg med i gruppa Dei raude prinsane.

Då Halsnes i 2004 vart kreftsjuk vekte det nasjonal oppsikt at bygdefolket gjekk saman om å betala ein dyr uregistrert medisin som han i utgangspunktet ikkje fekk dekt av Folketrygda.[2]

Kjelder endre

  1. Naturnvernforbundet, arkivert frå originalen 10. november 2007, henta 16. april 2007 
  2. Puls