Henrietta Drake-Brockman

Henrietta Drake-Brockman (27. juli 19018. mars 1968) var ein australsk journalist og forfattar.[1]

Henrietta Drake-Brockman
Henrietta Drake-Brockman.png
Pseudonym Henry Drake
Fødd 27. juli 1901
Perth
Død

8. mars 1968 (66 år)

Yrke skodespelforfattar, romanforfattar, historikar, skribent

BakgrunnEndra

Henrietta Frances York Jull[2] var fødd i Perth i Vest-Australia i 1901. Far hennar, Martin Edward Jull (1862–1917), var kommissær for offentlege tenester og tidlegare tilsett ved Department of Works,[3] medan mora Roberta (fødd Stewart) var lege og sosialreformator. Ho blei utdanna i Skottland, som var heimlandet til mora, og ved Frensham school for girls i Mittagong. Ho studerte litteratur ved University of Western Australia og kunst ved Henri Van Raalte sitt atelier i Perth. Ho gifta seg med Geoffrey Drake-Brockman, som var kommissær for Nordvest-Australia, i 1921.

KarriereEndra

Både Henrietta og ektemannen skreiv om reisene sine i artiklar for The West Australian. Reisene var også inspirasjon for romanane hennar. Då paret vende tilbake til Perth i 1926 hadde Henrietta etablert seg eit rykte som forfattar. Ho hadde skrive sketsjar og soger frå opplevingane sine i Northdest-Australia, og tidleg på 1930-talet gav ho ut ein serie, The Disquieting Sex. Blue North, ein historisk roman om livet på 1870-talet, var framhaldsroman i The Bulletin og blei gjeven ut i 1934, medan Sheba Lane føregjekk i Broome i samtida. Younger Sons var ein nøye dokumentert roman om busetjing i Vest-Australia, og The Fatal Days (1947) hadde fokus på Ballarat i Victoria under andre verdskrigen. Den siste romanen hennar, The Wicked and The Fair (1957), handla om ei reise på «Batavia» i 1629. Den siste boka ho gav ut, Voyage To Disaster (1963), var hovudsakleg ein biografi av kapteinen på «Batavia», François Pelsaert. Dei omfattande undersøkingane hennar nytta kjeldemateriale frå nederlandske arkiv og E.D. Drok sine omsetjingar av loggbøkene til Pelsaert, i tillegg til reiser i lufta og til havs til den moglege vrakstaden. I ein artikkel i Walkabout frå januar 1955 avveik Henrietta frå utbreidde meiningar om kvar vraket var, og anslo vrakstaden til «Batavia» ganske nøyaktig. Åtte år seinar, i 1963, blei ho nemnd som ein av fire medoppdagarar av vraket. Ho dykka med aqualung for å inspisera vraket utanfor Abrolhos-øyane.[4] Ankeret som var lengst unna revet blei kalla Henrietta's Anchor. Det er framleis der, 3,5 meter (11 ft 6 in) under havoverflata.

Drake-Brockman redigerte og valde ut nokre aboriginarsoger, samla inn og omsette av K. Langloh Parker, til ei ny utgåve av Australian Legendary Tales i 1953. Illustrasjonane blei laga av Elizabeth Durack. Denne utgåva blei vald ut av Children's Book Council of Australia som årets bok i 1954.[5] Ho var også medredaktør med Walter Murdoch av Australian Short Stories.[6]

DramatikkEndra

Drake-Brockman skreiv også verk for teateret i Perth på 1930- og 1940-talet. Ho hevda at ho heller ville vore dramatikar enn romanforfattar, men at det nesten ikkje var mogleg å få australske skodespel oppførte då ho byrja å skriva. Ho oppnådde likevel dette med nokre av stykka sine. The Man from the Bush blei oppført i Perth i 1932 (og seinare i Melbourne), Dampier's Ghost blei oppført i 1934 og The Blister i 1937. I det best kjente stykket sitt, Men Without Wives, utvida ho verket sitt vidare enn einaktarar, og vann hundrefemtiårsjubileums-dramaprisen i 1938. Men Without Wives and Other Plays kom ut i 1955. Stykka hennar framstilte for det meste folk og isolerte stader frå dei tidlegare verka hennar. Ho beundra og skreiv om verka til Katharine Susannah Prichard.

Seinare livEndra

Drake-Brockman blei med i Sydney-laget av Fellowship of Australian Writers i 1939. Ho var med på å grunnleggja laget i Vest-Australia, og var leiar for det i 1941 og i 1956–1957. Ho redigerte fleire novellesamlingar, og hennar eigne blei samla i verket Sydney or the Bush. Ho blei tildelt ein OBE i 1967, eit år før ho døydde i 1968.

BibliografiEndra

RomanarEndra

  • Drake-Brockman, Henrietta (c. 1930). The Disquieting Sex. Sydney: Consolidated Press. 
  • Blue North. Sydney: The Endeavour Press. 1934. 
  • Sheba Lane. Sydney: Angus & Robertson. 1936. 
  • Younger Sons. Sydney: Angus & Robertson. 1937. 
  • The Fatal Days. Sydney: Angus & Robertson. 1947. 
  • The Wicked and the Fair. Sydney: Angus & Robertson. 1957. 
  • Drake-Brockman, Henrietta; Pelsaert, Francisco; Drok, E. D. (1995). Voyage to Disaster: The Life of Francisco Pelsaert (New utg.). University of Western Australia Press. ISBN 978-1-875560-32-5.  (opphavleg utgjeve 1963)

NovellesamlingarEndra

  • Drake-Brockman, Henrietta (1948). Sydney or the Bush. Angus & Robertson, Sydney. 

EssayEndra

  • Drake-Brockman, Henrietta (1967). Katharine Susannah Prichard (Australian writers and their work). Oxford University Press, Melbourne. 

SkodespelEndra

  • Drake-Brockman, Henrietta (1955). Men Without Wives and Other Plays. Angus & Robertson, Sydney. 

KjelderEndra

  1. Henrietta Drake-Brockman – biographical articles and obituaries on her death in 1968. The West Australian, 9 March 1968, (notice of death); 11 March 1968, (obituary)
  2. see http://trove.nla.gov.au/picture/result?q=Henrietta+Drake+Brockman for family portraits of Jull family
  3. «Jull, Martin Edward (1862–1917)». Australian Dictionary of Biography. National Centre of Biography, Australian National University. 
  4. Cowan, Peter, 'Drake-Brockman, Henrietta Frances York (1901–1968)', Australian Dictionary of Biography, Volume 14, Melbourne University Press, 1996, pp 34–35.
  5. «S.A. Woman's Book of the Year.». The Advertiser (Adelaide). 11 August 1954. s. 16. Henta 22 October 2015 – via National Library of Australia. 
  6. Walter Murdoch and Henrietta Drake-Brockman (1997) Classic Australian Short Stories Oxford University Press, Melbourne, ISBN 0-19-550619-7 (First published as: Australian Short Stories, Oxford University Press, London, 1951.)

BakgrunnsstoffEndra

  • Adelaide, Debra Australian Women Writers: A Bibliographic Guide . London. Pandora. ISBN 0-86358-149-8ISBN 0-86358-149-8
  • Hetherington, John, (1962) Forty-two faces Melbourne : F.W. Cheshire: Profile of Western Australian author, with bibliography. pp. 60–65