Henrik Barruk

Lars Henrik Andreas Barruk (fødd 26. februar 1961 i Västerås) er ein umesamisk språkkonsulent og lærar, som er kjent for arbeidet sitt med umesamisk språkrevitalisering og dokumentasjon.

Henrik Barruk
Fødd26. februar 1961
Yrkelingvist, lærar
BarnKatarina Barruk

Barruk er ein av få umesamiske talarar, og han har halde kurs i umesamisk ved Umeå universitet.[1][2] Han var òg med i ei arbeidsgruppe oppnemnd av Samiskt parlamentariskt råd og utvikla ein umesamisk ortografi saman med språkvitarane Ole Henrik Magga, Pekka Sammallahti og Olavi Korhonen.[3] Barruk har òg saman med eldre umesamiske talarar arbeidd med ein umesamisk ordbok beståande av 4 300 ord.[4] I 2008 vart han tildelt Umeå sameforening sin heiderspris og språkprisen Gollegiella for arbeidet sitt, og i 2018 vart han òg tildelt minoritetsspråkprisen til det svenske språkrådet for innsatsen sin.[5][6][7] Barruk er far til musikaren Katarina Barruk som skriv musikk på umesamisk og arbeider som lærar på umesamiske språkbad.[8][9][10]

ReferansarEndra

  1. Hofsten, Ingela (desember 2011). «Överlevnadskurs i samiska». Henta 25. april 2018. 
  2. «Umesamiska populär sommarkurs». Umeå universitet. 14. juni 2011. Henta 25. april 2018. 
  3. Påve, Marja (5. april 2016). «Umesamiskan godkänns som eget skriftspråk». SVT Nyheter. Henta 25. april 2018. 
  4. Eira, Karen; Skoglund, Johnny (19. februar 2018). «Över 4000 ord i ny umesamisk ordbok». Sameradion & SVT Sápmi. Henta 25. april 2018. 
  5. «Hederspris till Henrik Barruk». Sameradion & SVT Sápmi. 3. mars 2008. Henta 25. april 2018. 
  6. «Gollegiella». Sametinget. Henta 25. april 2018. 
  7. «Henrik Barruk prisas för sitt språkarbete». Sameradion & SVT Sápmi. 25. april 2018. Henta 25. april 2018. 
  8. Andersson, Camilla. «På flytande umesamiska». Samer.se. Henta 25. april 2018. 
  9. «Katarina Barruk revitalises Sami language» (på engelsk). Umeå2014. 23. juli 2013. Henta 25. april 2018. 
  10. «Katarina Barruk». Umefolk. Arkivert frå originalen 26. april 2018. Henta 25. april 2018.