Henrik Carstensen

medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Henrik Carstensen (30. oktober 175315. september 1835) var ein norsk skipper, kjøpmann, trelasthandlar, skipsreiar og eidsvollsmann frå Aust-Agder.

Henrik Carstensen

Henrik Carstensen på eit måleri av Christian Olsen.
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd30. oktober 1753
Risøya i Søndeled
Død15. september 1835 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeKjøpmann, grosserar og jernverkseigar
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Carstensen var fødd på Risøya i Søndeled, far hans var skipper og gardbrukar. Sjølv reiste han til sjøs i yngre år, vart skipper i 1775. Frå 1780 var han skipper på eiga skute. I 1788 tok han til med handel i Risør, dreiv både trelasthandel og eit skipsbyggeri. År 1799 kjøpte han Egelands jarnverk med alt sitt eige. Kring den tid kjøpte han mange skogseigedomar, dreiv både sagbruk og mylner, tobakksspinneri og brenneri. I krigstida frå 1807 utrusta han fleire skip som tok del i kaperkrigen.

I 1814 var Carstensen utsending frå Risør til riksforsamlingaEidsvoll. Han mangla politiske kvalifikasjonar, til å byrje med fylgde han unionspartiet, for så å gå over til sjølvstendepartiet.

Carstensen døydde ugift i Søndeled i 1853, let etter seg ein stor formue.

Kjelder endre