Henrik Finne (14. desember 18361. oktober 1906) var ein norsk forretningsmann og embetsmann som vert hugsa for sin pionerinnsats i fiskeindustrien i Stavanger.

Henrik Finne

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1836
Død

1. oktober 1906 (69 år)

Yrke jurist, forretningsdrivande
Politisk parti Venstre
Henrik Finne på Commons

Finne var fødd i Christiania. Han vart cand.jur. i 1861 og arbeidde som overrettssakførar i Stavanger frå 1862. I 1887 vart han politimeister i Stavanger, fire år seinare fekk han den nyoppretta stillinga som byfut. År 1895 var han ordførar i Stavanger, som representant for partiet Venstre.

Finne var ein føregangsmann for hermetikkindustrien i Stavanger. I 1873 tok han initiativet til at Stavanger Preserving Co. den fyrste hermetikkfabrikken i byen, vart grunnlagd. Han var elles den fyrste direktøren (styreleiar) i Det Stavangerske Dampskibsselskabs, og han var styremedlem i mangt eit forretnings- og industrifirma.

Finne var svigerson til Gabriel Schanche Kielland.

Kjelder endre