Gabriel Schanche Kielland
Gabriel Schanche Kielland (4. mars 1760–5. mars 1821) var ein norsk forretningsmann og konsul. Han vart fødd og døydde i Stavanger. Slekta Kielland var på 1800-talet ei leiande handelsslekt i Stavanger.
Gabriel Schanche Kielland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1760 Stavanger kommune |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande |
Liv og gjerning
endreKielland arva ei rimeleg stor formue og heldt fram faren sitt handelshus under namnet «Jacob Kielland & Søn». Han var òg sjef for borgarvæpninga i Stavanger i 1784 og formann for dei utvalde mennene i byen frå 1786-1821. Som britisk visekonsul, preussisk konsulatmandat og hamburgsk visekonsul hadde han rimeleg store inntekter dels i forhandlingar med kaperar og innløysing av priser, dels i form av provisjon ved auksjonar over vrakgods.
I striden med England i 1801 organiserte han borgarvæpninga og innreidde batteria i tenleg stand. «Da Misvæxt i 1801 og 1802 og Vanskelighed for Tilførsel af Korn foraarsagede Mangel og Dyrtid i Stavanger Amt som i det hele vesten- og nordenfjeldske Norge, forsynede han uden mindste Fordel Byen og Distriktet med Korn, og det saa rigeligt, at Stavanger Amt kunde undvære og frabad sig den kongelige Understøttelse til Hjælp i Nøden, som de andre Amter begjærligen modtog.» Han mottok Kongen sin gullmedalje for edel dåd 17. juni 1803, han vart utnemnd til kongeleg agent med justisråd-rang i desember 1803, og Riddar av Dannebrogs orden 1809.
Kielland sette i gang bygginga av Ledaal til sommarbustad i 1799. Praktbygget stod ferdigstilt i 1803, og var sidan sete for eit pompøst selskapsliv. Jens Zetlitz var ein viktig bidragsytar ved festane.
Ved valet til Eidsvoldsforsamlinga var det eit lengre sjukeopphald som hindra han i å stille som kandidat. Han vart innvald som stortingsrepresentant frå 1815, men avstod frå vervet av omsyn til den svake helsa si.
Då han døydde var «Jacob Kielland & Søn» rekna som det førande handelshuset i landet.
Slekt
endreForfattaren Alexander Lange Kielland og målarinna Kitty Kielland var oldebarn av Gabriel Schanche Kielland.
Bakgrunnsstoff
endre- Gabriel Schanche Kielland på http://freepages.genealogy.rootsweb.com Arkivert 2018-04-23 ved Wayback Machine.
- Ledaal Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. på http://www.stavanger.museum.no Arkivert 2005-05-09 ved Wayback Machine.