Henrik Gerner

norsk politikar

Henrik Gerner (27. januar 178011. februar 1837) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann, fødd og død i Moss.

Henrik Gerner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. januar 1780
Moss kommune
Død

11. februar 1837 (57 år)
Moss kommune

Yrke politikar, trelasthandlar
Språk norsk

Gerner var fødd i Moss, der far hans var tollinspektør. Sjølv gjekk han på Herlufsholms skule og vart student i 1800. Han var elev av militærakademiet, ferdig utdanna offiser i 1804. Gerner tok avskjed frå det militære med kapteins grad i 1814, men var seinare sjef for borgarvæpninga i Moss i mange år.

År 1806 fekk Gerner borgarskap i Moss og dreiv forretning på mange felt. Han var både trelasthandlar, dreiv sagbruk og mylne, brennevinsbrenneri, tobakksfabrikk, teglverk, klesfabrikk og dei store gardbruka Melløs i Moss og Holmen i Rygge.

Gerner representerte Moss på Stortinget i 1815-16 og i 1818. På den fyrstnemnde tingsamlinga var han medlem av 11 komitear, mellom andre av komiteen vedkomande økonomi, handel og sjøfart i kjøpstadane. I 1818 var han medlem av Lagtinget og 13 komitear. Mellom anna deltok han i komiteane som drøfta meklarlova, priveligane til Nedenes len, kjøpstadsrettar for Ålesund og for Drøbak, Ålesunds handel med Danmark og Sverige, samt vernepliktslova.

I Moss har Gerner fått ei gate oppkalt etter seg; Henrich Gerners gate. I nummer 10 i gata ligg den freda Gernergarden, som han fekk bygd litt etter 1807.[1]

Gerner var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.

Kjelder endre